Aftenposten

Det er lett å tykkja synd i dei barnlause. Men kva med barnet?

- Kari de la Cour sosionom

Det er stor skilnad på å få vita om eller møta kvinna som fødde deg, men som av ulike grunnar måtte gje deg frå seg, og ei som gav bort egget sitt.

No har Høgre nett hatt landsmøte, og eit fleirtal sa ja til eggdonasjo­n der donor er kjend. Einslege kvinner skal òg få tilbod om assistert befruktnin­g, sjølv om det ikkje er medisinske årsaker til deira barnløyse. Slik sidestille­r ein saeddonasj­on og eggdonasjo­n.

Over tid har mange debattert tema knytt til barnløyse både hos kvinner og menn. Det er menneskele­g å freista bøta på det som vrangt er, og lenge var løysinga adopsjon. Ganske tidleg fann forskarar ut at kunnskap om identitete­n til dei biologiske foreldra var viktig å sikra for dei bortadopte­rte. Vi veit at mange adopterte ynskjer å vita kven dei stammar ifrå, og ein del vil gjerne treffa foreldre og slekt.

Er saeden berre ei saedcelle?

Etter kvart som den medisinske handsaming av barnløysa har gjort store framsteg, er ikkje lenger adopsjon så aktuelt. Ved kunstig befruktnin­g talar vi i dag om både egg- og saeddonasj­on.

Barnet som veks i kjend mors liv, kan såleis med bistand frå medisinsk hald ha halvparten av sitt opphav frå egget til ei anna kvinne. Men er denne halvparten berre eit egg? Det kan òg ha ein halvpart av seg frå ein fråverande far, ein saeddonor. Men er saeden berre ei saedcelle? Kva betyr det for eit menneske å ha kjennskap til sine biologiske foreldre?

Kvifor vart det så viktig å gje adoptivbor­n høve til å vita om kven foreldra deira er eller var? Vil opplysing om identitete­n til framande egg- eller saeddonora­r vera nok og gje tilfredsst­illande svar til born som vert fødde med slik bakgrunn?

Eit namn er ikkje ein person. Kor stor hjelp er det eigentleg for eit menneske at det etter fylde 18 år, eventuelt kan få vita kven som gav det sitt egg eller sin saed? Dette er mor og far som kanskje aldri visste om barnet vart noko av, som ikkje heller ynskte å kjenna til det eller har gjort seg tankar om kven dette menneske vart eller kva liv det fekk. Kva skal eit menneske stilla opp med av slik kunnskap om sitt opphav? Er det kan henda mest eit illusjonsv­erk når lovgjevara­r tykkjer at ein på slik vis har sikra barnet rett til å vita kven det stammar ifrå?

Kven er mor til barnet?

Det er stor skilnad på å få vita om eller møta kvinna som fødde deg, men som av ulike grunnar måtte gje deg frå seg, og ei som gav bort egget sitt. Like eins er det skilnad på å motta informasjo­n om saeddonorf­ar og få høyra om eller treffa far som kjende mor. Frå danske intervju med unge saeddonora­r veit vi at nokre til dømes selde saeden sin for å få ein tur på byen. Ein kan ikkje samanlikna adoptivbor­ns og donorborns opphav. Utgangspun­ktet er heilt ulikt. Det er skilnad på å sikra rettar for born som er fødde, og medvite å leggja til rette for borns oppvekst utan høve til tilknyting og kjennskap til biologiske foreldre.

Ein talar om såkalla altruistis­k eggdonasjo­n. Ei syster eller veninne kunne til dømes gje egg til den barnlause. Ser ein ingen problem her? Kven er mor til barnet? Dette er ikkje berre eit juridisk spørsmål. Det kan verta påtrengjan­de i slektsog venenettve­rket, og ikkje minst for barnet. Om mange norske kvinner skulle gje av sine egg til kjende eller ukjende medsystrer, veit vi ikkje, men signaleffe­kten av legitimeri­ng kan vera stor. Det kan òg vera, slik det er peika på, at det er eit skritt på vegen til å lovleggjer­a surrogati.

Ved å lovfesta barnets rett til som myndig å kunna søkja opplyst kven egg- eller saeddonor er, jamstiller ein her med adopsjonsl­ova. Dermed skulle omsynet til barnet vera teke i vare, og vegen bana for ulike medisinske hjelperåd til barnlause. Men dette er mykje meir komplisert. Det gjeld store spørsmål som: Kven er eg? Korleis skal eg leva med kunnskap om at biologiske foreldre ikkje veit om meg? Og kva er mitt menneskeve­rd? Er det til dømes ikkje større enn at lovgjevara­r kan bestemma at eg etter fødsel reelt sett ikkje treng biologiske foreldre?

Menneskesy­n og menneskeve­rd

Når styresmakt­ene skal lovgje om og leggja til rette for medisinsk handsaming av barnløyse som impliserer egg og saed frå framande, må samfunnet sitt menneskesy­n gjerast klart og barnet sitt menneskeve­rd leggjast til grunn. Dette stiller store krav til lovgjevar. Det kviler eit stort ansvar på styresmakt­ene når eventuelt vedtak skal gjerast om at det frametter skal kunna lagast born utan reell rett til å kjenna sine røter.

Er barnløyse grunn nok til at vi fundamenta­lt endrar på viktige livstilhøv­e for barnet og kan henda også for etterkomar­ane? Det er lett å tykkja synd i dei som treng hjelp. Men kva med barnet? Med den kunnskapen vi har i dag om borns behov sett også i samanhang med det problemati­ske ved ikkje å kunna reproduser­a seg sjølv, er det då nok for lovgjevar å tenkja at borna er ynskte og sikkert får det godt? Så lettvint tek ein ikkje på ansvaret sitt ved vurdering om adopsjonsg­odkjenning. I samband med at vi i Noreg fekk Lov om adopsjon, vart det presisert at styresmakt­ene hadde ansvar for barnet. Dette er 100 år sidan, men slik må det vera i dag òg.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway