Granskar regelbrot av militære fartøy
VHF-radio som ikkje fungerer, skipstelefonar med flatt batteri, varsling som blir gløymt. Havarikommisjonen ser på tidlegare regelbrot etter «Helge Ingstad»-ulykka.
Ein fredag ettermiddag hausten 2016 gjekk kystvaktskipet «Magnus Lagabøte» sørover ved Flesland.
Det visste trafikkleiaren ved Fedje sjøtrafikksentral ingenting om. Det 47 meter lange kystvaktskipet hadde ikkje gitt beskjed om at dei var på veg, slik dei pliktar.
Eit lasteskip kom i same retning. «Sea Cargo Express» prøvde å få kontakt med kystvaktskipet, både på naudkanalen 16 og kanal 71 på VHF. Dei fekk ingen respons. Også dette var eit regelbrot: Alle skip skal følgje med på kanal 16.
« ... vurdert politianmeldt»
Etter episoden sende Kystverket eit formelt varsel om forskriftsbrot til Sjøforsvaret. Der heiter det at « ... nye brudd på sjøtrafikkforskriften vil bli vurdert politianmeldt».
Det same skjedde etter ein tilsvarande episode eit par veker seinare. Kystvaktskipet KV «Andenes» gjekk inn i området til Kvitsøy sjøtrafikksentral utanfor Sveio, utan å varsle.
Sjøtrafikksentralen prøvde med alle midlar å få kontakt:
Oppkall med VHF på kanal 16 og 19
Direkte oppkall på VHF (Digital Selective Calling )
Meldingar til kystvaktskipet via antikollisjonssystemet AIS
Oppringing på telefonnummer frå sjøtrafikksentralens eige register
Oppringing på telefonnummer dei hadde fått frå Haakonsvern og frå kystvaktsentralen
2,5 time utan kontakt
«Dette pågår i 1,5 time uten at det oppnås kontakt», heiter det i varselet frå Kystverket.
KV «Andenes» møtte tre
store fartøy. Ingen av desse fekk kontakt med kystvakta. Først etter nesten 2,5 time tok KV «Andenes» sjølv kontakt med sjøtrafikksentralen.
Også i dette tilfellet konstaterer Kystverket at kystvakta har brote regelverket, og åtvarar om at nye forskriftsbrot kan ende opp som politisak.
Hadde varsla
Begge varsla er innhenta av Statens havarikommisjon, som ein del av arbeidet med å granske kollisjonen mellom KNM «Helge Ingstad».
Også før ulykka i Hjeltefjorden var det forvirring om kva skip det var som kom mot «Sola TS».
Krigsskipet sende ikkje ut signal via antikollisjonssystemet AIS, og tankskipet visste difor ikkje kva skip dei såg på radaren. Men KNM «Helge Ingstad» hadde gitt beskjed til Fedje om at dei var på veg inn i Hjeltefjorden, har Sjøtrafikksentralen stadfesta.
Lytta på feil kanal
Forsvaret har sjølve innrømt at dei to kystvaktskipa i 2016 gjorde feil, og har registrert episodane som «uønskte hendingar» i sine eigne system.
Når det gjeld episoden utanfor Flesland, skriv dei at overstyrmannen lytta på feil kanal. Kapteinen på kystvakta oppdaga til slutt skipet som kom bakfrå, og tok kontakt på kanal 16. «Losen som svarte var forståelig nok svært opprørt», står det i Forsvarets eigen rapport.
Defekt VHF
På KV «Andenes» avdekte Forsvaret fleire feil:
VHF-radioen som vart brukt til lyttevakt på brua fungerte ikkje skikkeleg, og hadde svært kort rekkjevidde
Telefonsentralen var ikkje sett opp slik han skulle
Dei einaste telefonane på brua var mobilar av eldre modell, og anten tomme for straum eller utan dekning «Hendelsen vil ikke oppstå igjen. Tekniske forhold er avdekket/utbedret og rutiner innskjerpet», heiter det i Forsvarets eige system.
Det same skriv presseoffiser Thomas Gjesdal i Sjøforsvaret i ein e-post til BT.
Også fire avviksrapportar
Kystverket presiserer at regelverket må følgjast, og at målet er å «forebygge uønskede hendelser» og auke tryggleiken.
Varsla er to av totalt seks dokument som Kystverket har sendt til Statens havarikommisjon, og som BT har fått innsyn i. Dei fire siste er interne avviksrapportar frå Kystverket. Desse har etter alt å dømme ikkje gått vidare til Forsvaret.
Alle dokumenta omhandlar regelbrot og hendingar der Forsvarets fartøy har vore involvert.
– Er alvorleg
Eitt fenomen går igjen: Militære fartøy som ikkje gir beskjed før dei går inn i områda der sjøtrafikksentralane har ansvaret.
Det var blant anna tilfelle i ein episode i 2016, der fregatten KNM «Fridtjof Nansen» gjekk frå Oslo utan å varsle sjøtrafikksentralen i Horten. Annan trafikk gjekk i båe retningar i leia, og «de har sikkert synes det er underlig at Horten VTS har rapportert ingen trafikk, når en av Norges største krigsskip kommer i møte», heiter det i avviksmeldinga.
– Alvorleg
Leiaren for sjøtrafikksentralen på Fedje, Arnt Runar Sævrøy, seier Forsvaret i fredstid er pålagt å følgje sjøtrafikkforskrifta på same måte som andre skip.
– Kor alvorleg er det når militære skip ikkje varslar om at dei kjem?
– Generelt er det alvorleg å ikkje rapportere om at dei kjem inn i vårt område. Det kan oppstå store konfliktar, f.eks. i område med møte- og passeringsforbod, dersom vi ikkje veit at skipa kjem. Dersom dei går utan AIS, blir dette ekstra krevjande. – Kva med brot på lytteplikta? – Det er også alvorleg. Vi får ikkje gitt den informasjonen vi har behov for dersom dei ikkje lyttar slik dei skal, seier Sævrøy.
Presseoffiser Thomas Gjesdal i Sjøforsvaret seier dei er samde i at reglane er dei same for militære som sivile skip når det gjeld å varsle Sjøtrafikksentralane og å lytte.
Generelt bra samarbeid
Regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest seier dei vanlegvis har ein grei dialog med Forsvarets skip.
– I desse tilfella meiner vi dei burde agert på ein annan måte. For oss er det viktig å dokumentere dette skriftleg, slik at ingen skal vere i tvil om kva vi har meint, seier Hagen.
– Har det vore fleire slike episodar?
– Vi har sendt over dei vi har til Havarikommisjonen. Generelt har vi eit godt samarbeid med Forsvaret, seier regiondirektør Hagen.