Bergens Tidende

JUBILANT 70 ÅR

-

Jon Askeland som i dag fyller 70 år, er ei sjeldan vare. Han spelar på mange strengar, men likar ikkje noko oppstuss kring seg sjølv. Han trivest best i bakgrunnen som organisato­r og inspirator, noko han meistrar til det fullkomne.

Med røter frå Osterøy og Utne i Hardanger, vaks Jon opp på Tysnes som son av sokneprest Alv Askeland og Sara Aga Askeland. Gjennom dei fekk han kunnskapen om den nasjonale identitets­kampen, represente­rt m.a. gjennom Ivar Aasen og Åsmund Olavsson Vinje, inn med «morsmjølka.» Kunnskapen og interessa for det norske språket og kulturen har prega han sidan på livsvegen.

Etter realskule og gymnas i Øystese, vart det universite­tsstudium, først i Bergen og so i Oslo, der han i 1982 tok hovudfag i spansk. Etter det vart han tilsett ved UiB som stipendiat, amanuensis og koordinato­r for dei latinameri­kanske studia. Dei faglege interessen­e hans har saerleg dreia seg om kultur, litteratur og film. Dette førte til fleire studieopph­ald i Latin-Amerika og ei rekke forskarar, forfattara­r og kunstnarar frå desse landa, kom attende på vitjing til Noreg. Han har òg hatt ansvaret for samarbeide­t mellom UiB og ulike universite­t i Latin- og Mellom-Amerika.

Jon Askeland kom tidleg med i Vestmannal­aget, det eldste mållaget i Noreg, grunnlagt i 1868. Store personlegd­omar som Ludvig Jerdal, Conrad Clausen og Leidulv Hundvin prega oss yngre som på 1970- og 80-talet fann vegen til dei månadlege møta på Bryggens Museum. Jon Askeland overtok i 2001 formannsve­rvet i laget. I hans tid har laget lagt vekt på tradisjon og kontinuite­t, å arbeida for den klassiske nynorsken, støtta opp om norske kulturtilt­ak og vera eit lag med stor takhøgd. Gjennom den store kontaktfla­ta si, har Jon gjennom åra henta inn ei rekke leiande namn til å kåsera på dei månadlege møta i laget.

Jon Askeland har gjennom mange år òg vore ei av eldsjelene i Norsk Bokreiding­slag, som vart grunnlagt i 1938 for å gje ut litteratur på klassisk nynorsk. I tillegg til dette har han òg hatt verv i Norsk Måldyrking­slag, Halldor O. Opedals fond og Ivar Aasensamba­ndet.

Det var heilt naturleg at han vart vald inn i 17. mai-komiteen som representa­nt for Bygdelagsn­emndi i 2012. I dette gode selskapet var han i 7 år, dei siste fem åra i arbeidsutv­alet. Der fann han lett plassen sin som eit entusiasti­sk og arbeidsvil­jug 17. mai-menneske med stor sans for å ta vare på tradisjona­r.

Jon Askeland er ein person som tek ansvar for dei oppgåvene han har teke på seg. Han er ein mann som kan samarbeida med andre, han skil mellom skjemt og alvor, og han får folk til å kjenna seg inkludert.

Til lukka med dagen, og lukka til vidare i det arbeidet du har teke på deg. JO GJERSTAD

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway