Uti­dig pass­re­form

Man­ge sta­der vil folk som no en­kelt kan skaf­fe seg el­ler for­nye pass ved det lo­ka­le lens­manns­kon­to­ret måt­te bru­ke ein heil ar­beids­dag på å gje­ra det­te.

Dagbladet - - SIGNALER - JENNY KLINGE Jus­tis­po­li­tisk tals­kvin­ne (Sp)

Dag­bla­det skreiv 21. sep­tem­ber om kor­leis vi kan ven­te at pass­kø­ane blir enda ver­re i fram­ti­da. Den blå re­gje­rin­ga fekk ved hjelp av Ven­st­re og KrF først fire år til å gjen­nom­føre sen­tra­li­se­ran­de re­for­mar. No ligg alt an til at dei får fire nye år til å gjen­nom­føre flei­re sli­ke re­for­mer, el­ler de­for­mer viss ein vil. EI AV DESSE er ei end­ring av pass­ut­skri­vin­ga i lan­det. Det vil tru­leg bli ein kraf­tig re­duk­sjon av an­tal lens­manns­kon­tor og po­liti­sta­sjo­nar som skal kun­ne ut­skri­ve pass og det nye na­sjo­na­le id­kor­tet. Det er nye krav til kva­li­tet som visst­nok skal lig­ge bak. Vi er alle ei­ni­ge om at vi treng ein sik­ker pro­sess for pass­ut­skri­ving, men ver­ken re­gje­rin­ga el­ler Po­liti­di­rek­to­ra­tet kla­rer å sva­ra på kva som er pro­ble­met med at alle lens­manns­kon­tor som har pass­auto­mat i dag skal kun­ne hal­de fram med det­te. DET­TE ER NEMLEG kra­vet vi i Sen­ter­par­ti­et vil stil­le – at alle dei lens­manns­kon­to­ra som inn­byg­gja­ra­ne no kan opp­sø­kje for å få eit pass el­ler for­nye pas­set sitt, skal be­hal­de denne te­nes­ta fram­over òg. Kos­tar det noko eks­tra å få til det­te, ja, då er vi vil­li­ge til å be­ta­le for det­te i år­le­ge stats­bud­sjett. Det­te rett og slett for­di det er uti­dig å svek­ke ei slik te­nes­te for even­tu­elt å spa­ra sta­ten for noko pen­gar, når det sam­stun­des er sterkt for­dy­ran­de og tid­krev­jan­de for sva­ert man­ge en­kelt­men­nes­ke å skaf­fe seg pass.

Man­ge sta­der vil folk som no en­kelt kan skaf­fe seg el­ler for­nye pass ved det lo­ka­le lens­manns­kon­to­ret måt­te bru­ke ein heil ar­beids­dag på å gje­ra det­te – trass i at lens­manns­kon­to­ret dei­ra er eitt av dei som be­står et­ter po­litire­for­ma. Og har dei no­kre un­gar, vil fa­mi­li­en måt­te bru­ke flei­re sku­le- og ar­beids­da­gar i lø­pet av få år, for­di kra­vet om for­ny­ing av pass for un­gar er to, tre el­ler fem år mel­lom kvar gong alt et­ter kor gam­le un­ga­ne er. SEN­TER­PAR­TI­ET GJOR­DE tid­le­ga­re i år fram­legg om at alle gjen­ve­ran­de lens­manns­kon­tor skul­le få be­hal­de pass­te­nes­ta, men vi fekk ikkje støt­te frå noko par­ti. Det­te er pa­ra­dok­salt all den tid stor­tings­fleir­ta­let to år før ved­tok den så­kal­la naer­po­litire­for­ma, der po­en­get var at det skul­le bli meir po­liti­te­nes­ter na­er folk.

Si­dan er 122 lens­manns­kon­tor ved­tatt ned­lagt. No kjem saka om pass­te­nes­te­ne snart til Stor­tin­get. Vi får sjå om det nye stor­tings­fleir­ta­let vil gje­ra al­vor av løf­tet om na­ere te­nes­ter i det mins­te når det gjeld hø­vet til å skaf­fe seg og for­nye pass.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.