Ver­di­ar på al­vor

VER­DI­AR: Jak­ta på fel­les ver­di­ar må ta ut­gangs­punkt i det vi har fel­les og kan byg­ge ei fram­tid på.

Dagsavisen Fremtiden - - Kronikk -

Det star­ta med eit in­ter­vju med Lin­da Helle­land Hof­stad og Ola Bor­ten Moe. Der­med var de­bat­ten om nors­ke ver­di­ar i gang.

For meg er det opp­lagt at det fins eit eige fel­les­skap – ein kul­tur – som gjer oss nors­ke. Ein vik­tig ba­sis for det nors­ke er det eg vil kal­le eit verdi­fel­les­skap. Det gjer oss til eit fel­les­skap, eit «vi». Og utan eit «vi», er vi ikkje eit sam­funn. Men kva er vi?

I eit Euro­pa i sterk forand­ring har det blitt ein trend å slå ring om krist­ne ver­di­ar. Kris­ten­do­men, na­sjon og tra­di­sjo­nel­le fa­mi­lie­ver­di­ar vert mik­sa sa­man og pre­sen­tert som vår kul­tur, våre ver­di­ar. Dei sei­ast å vere un­der an­grep, an­ten frå islam og inn­vand­ring, el­ler frå se­ku­la­ris­me. Nor­ge har fått vår ver­sjon av den­ne de­bat­ten. «Vi må ikke bli så nøy­tra­le at vi glem­mer hvor vi selv kom­mer fra, og det er den krist­ne kul­tur­ar­ven det­te sam­fun­net byg­ger på.» sa Helle­land til VG 30.07. Bor­ten Moe, Harei­de, List­haug og Røe Isak­sen stem­te i.

Eg ser fram­ti­da ann­leis, sjølv om eg står i same tra­di­sjon og er med i same trus­sam­funn.

Den krist­ne kul­tur­ar­ven kan ikkje dan­ne grunn­la­get for fel­les ver­di­ar, gans­ke en­kelt for­di vi ikkje har den fel­les. Det er ikkje ty­pisk norsk å va­ere kris­ten i au­gust 2017, det er ty­pisk norsk å vere lite re­li­giøs. Norsk Mo­ni­tor, som jam­leg må­ler ver­di­ane til nord­menn, har sei­nast i 2016 vist at ikkje-re­li­giø­si­tet er blant dei ver­di­ane som har ster­kast opp­slut­nad i sam­fun­net. Fors­ka­ra­ne Ot­tar og Ta­le Hel­le­vik kal­lar dei ver­di­ane som står sa­er­leg sterkt «nors­ke fel­les­ver­di­er»; Ikkje-re­li­giø­si­tet, like­stil­ling og re­spekt for lo­ve­ne er blant dei. I 2016 svar­te for førs­te gong eit knapt fleir­tal av nord­menn at dei ikkje trur på Gud. Sjølv om tre av fi­re nord­menn er med­lem­mer i Den nors­ke kyr­kja, mei­ner ber­re éin av ti at re­li­gion er sva­ert vik­tig. 69 pro­sent av nord­men­ne­ne er sam­de i at «re­li­giø­se le­de­re bør ikke på­vir­ke be­slut­nin­ge­ne til Stor­ting og re­gje­ring».

Sa­man­lik­na med and­re land ut­mer­kar vi oss som lite tru­an­de, lite prak­ti­se­ran­de og lite opp­tek­ne av re­li­gion.

Kvi­for har det skjedd? Dei sis­te ve­ke­nes de­batt kan gje inn­trykk av at mus­limsk inn­vand­ring skal ha skul­da (el­ler aera) for se­ku­la­ri­se­rin­ga. Den skul­da må vi ta sjølv. Ola Bor­ten Moe ut­tryk­te det pre­sist i ein kro­nikk på NRK yt­ring 3.8: «Jeg kan ikke hus­ke at re­pre­sen­tan­ter for and­re re­li­gio­ner har hatt pro­ble­mer med en åpen og so­lid verdi­for­ank­ring. Så slutt å sky­ve dis­se foran i den­ne ty­pen de­bat­ter.»

Det er sant, for inn­fød­de nord­menn – dei fles­te av oss med­lem av stats­kyr­kja – kjem­pa fram det se­ku­la­ere Noreg sjølv. Kvar ge­ne­ra­sjon litt meir li­be­ral, litt meir opp­te­ken av like­be­hand­ling av livs­syn, litt meir kri­tisk til for­kyn­ning i sku­len og i NRK. Se­ku­la­ris­me er ein til­kjem­pa ver­di, slik like­stil­ling er det. In­ter­es­sant nok sy­nest po­li­tik­ken å hen­ge litt etter. Fleir­ta­let i fol­ket trur ikkje på Gud, men parti­leia­ra­ne i dei seks størs­te par­tia våre er krist­ne. Ber­re ein li­ten mi­no­ri­tet i fol­ket synst re­li­gion er vik­tig, men sen­tra­le po­li­ti­ka­rar i H, Frp, KRF og Sp er redd vi gløy­mer den krist­ne kul­tur­ar­ven. Dei er open­bart ikkje i takt med det se­ku­la­ere fol­ket.

Kris­ten­do­men har sjølv­sagt for­ma vår his­to­rie og ut­vik­ling. Den er ein sen­tral del av vår kul­tur­arv, og har gitt både gode og mind­re gode bi­drag til det sam­fun­net vi er. Beg­ge de­lar bør alle i Noreg for­stå og kjen­ne til. Men eit verdi­fel­les­skap må byg­ge på ver­di­ar som er – ja, nett­opp – fel­les.

Er eg der­med ikkje uroa for nors­ke ver­di­ar? Jo, så uroa at eg skreiv ei bok om det og kal­la den «Uro».

For på sett og vis er man­ge av våre fel­les­ver­di­ar un­der press. Noreg var i det mes­te av det før­re hundre­året eit sa­ers ho­mo­gent sam­funn. Vi ut­vik­la oss til å bli språk­leg og kul­tu­relt ho­mo­ge­ne, det vart små øko­no­mis­ke skil­je og dei fun­da­men­ta­le ver­di­ane sam­fun­net byg­de på vart spreidd og delt av dei fles­te. Det­te er i rask end­ring i Noreg, som i man­ge euro­pe­is­ke land. Inn­vand­ring har end­ra Noreg til å bli kul­tu­relt mang­fal­dig og fleir­re­li­giøst. Den so­sia­le ulik­ska­pen har auka. Det­te heng også sa­man; Me­dan dei ur­ba­ne med høg inn­tekt har fått my­kje po­si­tivt ut av inn­vand­rin­ga til Euro­pa (kul­tu­rel­le im­pul­sar og bil­leg ar­beids­kraft) har and­re fått dei ne­ga­ti­ve kon­se­kven­sa­ne (løne­press, jobb-kon­kur­ran­se og kul­tu­rell kon­flikt). Sam­stun­des har ver­di­ane i sam­fun­net end­ra seg enormt raskt, og ga­pet mel­lom dei mo­der­ne li­be­ra­le ver­di­ane og dei tra­di­sjo­nel­le ver­di­ane er stort i man­ge land. Vi har strekk i la­get, langs alle tre di­men­sjo­nar: øko­no­misk, kul­tu­relt og verdi­mes­sig. Det­te an­grip nors­ke ver­di­ar, for­di det kan ramme den spe­si­elt ster­ke til­li­ten mel­lom folk i Noreg. Vi sto­lar meir på kvar­and­re og sam­funns­in­sti­tu­sjo­na­ne enn folk i noko an­na land. Til­lit er det litt mys­tis­ke suk­sess­for­mu­la­ret som er med på å for­klå­re vår suk­sess – og som gjer oss ty­pisk nors­ke. Til­lit heng tett sa­man med våre sa­er­leg små kul­tu­rel­le og so­sia­le skil­je, og våre ster­ke fel­les ver­di­ar. Stør­re so­sia­le skil­je kan over tid øy­de­leg­gje den ster­ke til­li­ten. Stor inn­vand­ring kan også utfordre den, om in­te­gre­rings­po­li­tik­ken mis­luk­kast. Og for­vit­rar fel­les ver­di­ar, vil fel­les in­sti­tu­sjo­nar, møte­plas­sar og dug­nads­kul­tur også bli ut­ford­ra.

Eit vik­tig for­svar mot det er å fin­ne fel­les ver­di­ar, som bind oss sa­man på tvers av klas­se, kjønn, kul­tur og re­li­gion. Ver­di­ar som byg­gjer på det det­te lan­det er, og er ty­de­le­ge, men som det også går an å bli del av utan å vere fødd inn i dei.

Eit nos­tal­gisk rop etter den krist­ne kul­tur­ar­ven – vår for­tid – kan ikkje ska­pe fel­les­skap i dag.

Verdi­de­bat­ten som inn­leia val­kam­pen var det mot­set­te. Ein kul­tur­krig im­por­tert frå Euro­pa, eit for­søk på de­fi­ne­re eit nos­tal­gisk Nor­ge un­der press frå inn­vand­ring, se­ku­la­ri­se­ring og islam.

Eit nos­tal­gisk rop etter den krist­ne kul­tur­ar­ven – vår for­tid – kan ikkje ska­pe fel­les­skap i dag. Men det kan ska­pe my­kje frykt, og Euro­pa har vist oss at det er kraft nok i den­ne nos­tal­gi­en til å vin­ne val og rys­te det po­li­tis­ke land­ska­pet.

Vi som er uro­leg for dei nors­ke ver­di­ane, og det nors­ke fel­les­ska­pet, må gå ein an­nan veg. Vi må søke det som kan sam­le, ikkje det som split­tar. Det vi kan byg­ge ei fram­tid på, ikkje det vi ein gong var.

FOTO: GORM KALLE­STAD/NTB SCANPIX

KRIS­TEN TRA­DI­SJON: Den krist­ne kul­tur­ar­ven kan ikkje dan­ne grunn­la­get for fel­les ver­di­ar, gans­ke en­kelt for­di vi ikkje har den fel­les, skriv Bård Vegar Solhjell.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.