Bein­hard im­pro­vi­sa­tor JAZZ

Fele­spe­la­ren Er­lend Apne­seth kal­lar seg ein bein­hard folke­mu­si­kar som li­kar å im­pro­vi­se­re.

Dagsavisen Fremtiden - - Helg -

Er­lend Apne­seth Trio «Åra» Hu­bro/mu­sikk­ope­ra­tø­re­ne Det sa han i sam­band med det bane­bry­tan­de al­bu­met «Det and­re rom­met» i fjor. Då han fekk både Folke­larm­pris i open klas­se og ein spelle­mann-no­mi­na­sjon.

Årets al­bum hei­ter «Åra» (Hu­bro/mu­sikk­ope­ra­tø­re­ne), den and­re pla­ta med ban­det der han sjølv spe­lar har­ding­fele, Step­han Mei­dell på gi­tar og live samp­ling, og Øy­vind Heg­gLun­de på trom­mer og per­ku­sjon.

Han er jøl­st­ring, og plate­de­bu­ter­te på al­bu­met «Jøl­st­ring», med eit stjerne­lag av ein folke­mu­sikk-kvar­tett frå byg­da.

«Blikk­spor» kom i 2013, og mens eg skriv er ban­det på reise­fot, etter opp­start på den ves­le Bier­mann gar­den, eit stein­kast frå der eg bur i Oslo. Legg til far hans som er fo­to­graf i meis­ter­klas­sen, og mel­lom an­na har laga ei eine­stå­an­de ana­log foto-bok om byg­da.

At­ten­de på pla­ta lan­dar vi på lå­ten «Lys­ne» og mø­ter vi Ber­gen-poe­ten Er­lend Nødt­vedt som les sitt eige dra­ma­tis­ke dikt, etter å ha blitt hen­ta til stu­dio, og det vart eit take di­rek­te, med ein baby på opp­le­sa­rens arm, utan å ha høyrt lå­ten på føre­hand.

Un­der Førde­fes­ti­va­len i fjor fram­før­de Apne­seth tin­gings­ver­ket «Natt­son­gar». Pro­du­sen­ten for den førs­te pla­ta var Ar­ve Hen­rik­sen.

Apne­seth fram­he­var Keith Jar­rett som ei stor in­spi­ra­sjons­kjel­de. Nils Økland, Sig­bjørn Ape­land, Ter­je Isung­set og Karl Seg­lem høy­rer til ein ei­gen «krins», og det er ver­ke­leg ei sa­er­merkt opp­le­ving å høy­re han spe­le med jazz og im­pro­vi­sa­sjons­mu­si­ka­rar med namn som Mei­dell og Hegg-lun­de.

Er­lend Apne­seth er ein sø­kjan­de mu­si­kar frå eit mil­jø og ein stad som vil gå nye ve­gar med kuns­ten sin, som fele­spe­la­ren Ola Kvern­berg. Og som for­tel om lang­va­ri­ge føre­bu­in­gar på føre­hand.

Er­lend Apne­seth Trio er eit namn å rek­ne med i den rike flo­ra­en av mu­sikk som ikkje er redd for å flyt­te gren­ser.

Er­lend Apne­seth flan­kert av Step­han Mei­dell og Øy­vind Hegg-lun­de. FOTO: ODDLEIV APNE­SETH

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.