– Er så him­la glad i den­na byg­da

Faedrelandsvennen - - NYHETER -

– FANTASTISK BYGD Øystein Moi

● Øystein Moi star­tet nett­ste­det moi­sund.com i 2002. Han bru­ker nå sin lo­kal­kunn­skap fra ind­re bygder til å la oss le­se­re bli kjent med men­nes­ker fra den­ne de­len av Ag­der.

Den­ne uka har Moi møtt Ma­ri­an­ne Dov­land

Ho kom til Evje ei gong midt på 70-ta­let. Som i så man­ge and­re høve er det den sto­re kjær­lei­ken som må take skul­da for sjøl­ve flytte­pro­ses­sen. Ma­ri­an­ne Dov­land (58) er fødd og alen i Rande­sund, men dia­lek­ta – tale­må­let – ber bod om at det byr­jar å ver­te eit langt liv si­dan ho rus­la rundt i san­da­lar, kne­strøm­per og fal­de­skjørt på den kan­ten av lan­det.

Det er ikkje kvar­dags­kost at vaks­ne jen­ter nær­ast tek til å gau­le når dei skal fortele om kor gla­de dei er i heim­byg­da si. Eit syn­leg teikn på at Ma­ri­an­ne tri­vast på Evje. Ein farge­rik per­son som of­te kryd­rar li­vet til sine sam­byg­din­ger med ein god klem, gode ord el­ler med ein smit­tan­de lat­ter.

– Eg er blitt så him­lan­de glad i den­na byg­da, seier Ma­ri­an­ne, og det er her det fell na­tur­leg for blad­fy­ken å nem­ne det­te med gau­lin­ga. Fyr­ver­ke­riet fram­føre meg, på hi sida av kaffe­bor­det, end­rar brått både far­ge og glød. Kjens­le­ne legg seg utan­på den skrin­ne le­ka­men.

– For det fyrs­te så er Evje ei fantastisk bygd å bu i. For det and­re så er her så ufat­te­leg man­ge gil­de og tri­ve­le­ge folk. Eg gler meg til å gå på jobb kvar ein­as­te dag.

Ma­ri­an­ne Dov­land driv sitt eige ves­le for­ret­nings­im­pe­ri­um, heilt sør i den flot­te handle­gata, i Evje sen­trum. ”Garn og Lys­stua” held til i ei lita raud­måla sto­ve. Du ser ho med det same du svin­ger inn i re­gion­sen­te­ret.

– Etter 15 spa­nan­de år i bil­bran­sjen var tida på man­ge må­tar mo­gen for å fin­ne på noko anna. Eg had­de vore både vaske­kjer­ring, bil­sel­jar, kunde­mot­ta­kar og kon­tor­sjef. Lang røyns­le frå ei tøff, men spa­nan­de bran­sje.

– Året var 2008. På den sis­te da­gen i ja­nu­ar opna eg dø­ra til ”Garn og Lys­stua.” Med meg på op­nings­fes­ten had­de eg ster­ke åt­va­rin­ger frå ak­tu­el­le le­ve­ran­dø­rar, frå blank­po­ler­te be­drifts­råd­gjeva­rar og frå ei sam­la na­sjo­nal fi­nans­næ­ring. Eg tras­sa dei al­le. I dag sit eg alt­så her og he det beint fram som plom­ma i eg­get. Eg sa til meg sjøl­ve den gong at eg skal så visst ikkje sit­je i and­re høg­da på Evje­hei­men, som 85 åring, med støtte­ban­da­sje kring leg­ga­ne og ull­pledd i fan­get, og ang­re bit­tert på at eg ikkje våga å take den­ne ut­ford­rin­ga.

KVINNFOLKA STYRAR

Evje er eit han­dels­sen­ter, eit re­gion­sen­ter, kor det så av­gjort er kvinnfolka som he teke sty­rin­ga. Ei rask opp­tel­jing sy­ner at hjå 32 han­dels­verk­sem­der i sen­trums- gata på Evje, så er det kvinn­folk som sty­rer hei­le 23 av des­se.

Ma­ri­an­ne veit så av­gjort kva ho ta­lar om. Jen­ta som er både lei­ar, kas­se­rar og møte­skri­var i den lo­ka­le sam­skip­na­den som hei­ter ”Evje Han­del og Ser­vice­for­ening.”

– Ja, er du fyrst glad i byg­da di, yns­kjer du fram­gong og ut­vik­ling, ja då bør du vel for pok­ker take din del av job­ben, seier Ma­ri­an­ne og vert heilt ty­de­leg raud i kja­ka­ne – og meir enn van­leg tale­før. Eg høy­rer klå­re teikn til kris­tian­sands­dia­lekt.

– Det er di­ver­re ikkje al­le for­ret­nings­dri­van­de på Evje som er med i den­ne lo­ka­le han­dels­sam­skip­na­den. Eg er heilt klårt både såra og von­bro­ten på grunn av des­se gra­tis­pas­sa­sje­ra­ne.

– Eg bryr meg ikkje len­ger. Ten­kjer hel­ler på det fan­tas­tis­ke sam­ar­bei­det me he med Evje og Hornnes kom­mu­ne. Den nye handle­gata i sen­trum, miljø­gata som ein­skil­de vel å om­ta­le den­ne veg­stub­ben for, he beint fram vor­te heilt fantastisk. Ei kost­bar, men heilt naud­synt, opp­rus­ting av sen­trum. Det var man­ge kri­tis­ke røys­ter då grave­ma­ski­na­ne rul­la inn i sen­trum sein­haus­tes i 2015.

Ein­skil­de vil­le ha at­ten­de både Nik­kel­ver­ket, Setesdalsbanen, Te­le­fon­sen­tra­len og Sa­ga­tun Kafe. Alt var så my­kje be­tre før i tida. Sa dei. No he des­se kri­tis­ke røys­te­ne stil­na. Dei ver­ste mørke­men­ne­ne he lært seg å hal­de kjeft. Dei ligg tru­leg hei­me på so­fa­en og slei­kjer såra.

Når det gjeld om­set­na­den hjå han­dels­næ­rin­ga i Evje og Hornnes, for­delt på inn­byg­gjar­ta­let, så ligg den­ne heilt i top­pen når ein sa­man­lik­nar seg med and­re kom­mu­nar i dei to ag­der­fyl­ka. Skil­na- den, med po­si­tivt for­teikn, vert stør­re for kvar ein­as­te dag bu­tik­ka­ne er opne.

– Ei atmo­sfæ­re, fred og ro, som du ikkje finn ma­kan til hjå dei sto­re kjøpe­sen­tra noko len­ger sør på noregs­kar­tet. Eg fær sta­dig høy­re av fra­mand­folk, frå til­rei­san­de kun­dar frå både Man­dal og Kris­tian­sand, at dei vert te­ken i mot på ein heilt spe­si­ell måte når dei vit­jar byg­da vår. Her vert dei sett – og her vert dei sett pris på. God kunde­hand­sa­ming er vårt kjenne­teikn og vårt vare­mer­ke.

KAKLING I ARENDALSKRYSSET

Ei gong i må­na­den er det strikke­kafe i den ves­le raud­måla sto­va i Evje sen­trum. Ihuga kvinn­folk, trug­ne kun­dar, set kvar­and­re i stem­ning med eige hand­ar­beid, kaf­fe, og gjær­bakst. Stun­dom kan du høy­re kak­lin­ga me­d­an du er langt oppe i Arendalskrysset. Ikkje ulikt ljo­men frå eit mo­der­ne hønse­hus. Triv­sel satt i sys­tem. Kunde­hand­sa­ming av bes­te slag. Kva­li­tets­tid.

Mi til­mål­te tid gjeng så av­gjort mot slut­ten. Ma­ri­an­ne Dov­land ser på klok­ka. Hei­me ven­tar kjæras­ten, ekte­man­nen Bjørn, med stuttreist laps­kaus og heime­baka flat­brød.

Blad­fy­ken finn brått ut at han bør kjø­pe med noko spa­nan­de heim til kjer­rin­ga den­ne laur­dag etter­mid­da­gen. To bun­tar med tre­sko­garn – og ein ny skrei­e­lås til vin­ter­kåpa bør så av­gjort gje­re luk­ke i hei­men.

På kvit­te­rin­ga, el­ler kassa­lap­pen om du vil, kan eg lese des­se vel­val­de orda: ”Det­te ska­per gle­de – vel­kom­men til­ba­ke.”

For det fyrs­te så er Evje ei fantastisk bygd å bu i. For det and­re så er her så ufat­te­leg man­ge gil­de og tri­ve­le­ge folk. Eg gler meg til å gå på jobb kvar ein­as­te dag.

MOI FOTO: ØYSTEIN

Ma­ri­an­ne Dov­land er ein farge­rik per­son som of­te kryd­rar li­vet til sine sam­byg­din­ger med ein god klem, gode ord el­ler med ein smit­tan­de lat­ter.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.