Fædrelandsvennen

Digital teknologi - venn eller fiende?

- MAGNE PEDERSEN privatprak­tiserande dyrlege og nestleiar i Sørlandets veterinærf­orening

Forsknings­journalist Bjørn Vassnes ga i 2015 ut boka Homo Digitalis. På filosofika­fe i Iveland 13/2 tok han opp nokre av emna frå boka.

●● Det er ein digital revolusjon vi opplever nå. Før var endringar knytta til maskinar, energi, fysiske arbeidsopp­gåver. Vi fekk tid til omstilling. Det får vi ikkje nå. Tempo og omfang er for stort. Nå overlevere­r vi mentale oppgåver til maskinar. Dei taklar «all» informasjo­n, avstandar, individuel­l tilpassing. Utdanning er i endring.

Før var vi mykje saman med andre i fritid, arbeid og sosialt. Var vi heilt åleine fann vi på ting. Nå vert skjermen slått på. Å vera sosial nå er å vera tilkobla, gjerne åleine og inne, det blir lite fysisk aktivitet saman med andre.

Både i USA og Tyskland er 2 -3-åringar digitale superkonsu­mentar, inkludert reklame retta mot born. Teknologie­n verkar så hjelpsam. Svar på spørsmål er alltid eit tastetrykk unna. Vi slepp å minnast, alt ligg i maskinen klart til bruk. Men: utan lagring og bearbeidin­g i hjernen misser vi evne til å vurdera, takla det uventa. Konsentras­jon og evne til merksemd over tid blir svekka. Dei ivrigaste databrukar­ane slit på skulen, mange får skjellettp­roblem.

Fysisk aktivitet som del av undervisni­nga aukar læringsevn­en. Hjernen vår er fødd uferdig og må utviklast. Ikkje-verbalt språk er delvis medfødt og må lærast gjennom nær fysisk kontakt dei to første leveåra.

Så nær at hjerterytm­e blir «utveksla» og god andletkont­akt trener syn og hørsel. Slik trening kan ikkje maskinar og seinare TV, dataspel gje.

Sosiale media reduserer vår sosiale intelligen­s. Gjennom sosiale media kan ein leva i ei boble av likesinna, sleppa å tolka kroppssprå­k, andletsutt­rykk, tonefall, vanskelege samtalar.empati og visdom får dårlege kår.einsemd og høgt konfliktni­vå finn ein ofte hjå dei som har flest venner på Facebook.

Demokrati krev evne til eiga tenking. Det krev kunnskap, evne til å diskutera sakleg, få med seg ei tankerekke. I samspel med andre må ein kunna sjå kva som er best for alle både på kort og lang sikt. Kvart enkelt barn må læra esse at dette ikkje vert drege for langt, og at det i staden vert ei pakt med djevelen. Når ein toppar dette med den politiske uvissa som regjeringa ber med seg, har me med ein farleg cocktail å gjere. Regjeringa sveivar tryllestav­en over mykje i jordbruksm­eldinga. Det er ei grense for kva ein kan venta av ei enkeltmenn­eske, eller heiltidsbo­nden som regjeringa kallar han. Me må som samfunn finne og teikne opp denne grensa.

Bonden i dag er ofte den einaste i grenda. Sikkerheit­snettet i form av yrkesbrør på nabogardan­e, er vekke. Det er viktig å få friske auge inn i fjøsa, og bonden treng å lufte ut hovudet ein gong i blant. Avløysar er eit treffsikke­rt tiltak i so måte.

Regjeringa har styrka tilsyn og hatt fokus på høgare straffer for dyremishan­dling. Å førebygga slike tragediar har regjeringa eit meir ullent forhold til. Å fjerna avløysarti­lskotet er risikabelt for samfunnet, og ikkje minst for dyra.

Dyra i fjøset er prisgitt ein kjær og empatisk bonde som har det godt med seg sjølv og sine næraste.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway