Ge­ni­alt frå Nes­bø

Fan­tas­tisk spen­nan­de om jak­ta på ein vam­py­risk se­rie­mor­dar.

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJARNE TVEITEN

«Tørst»

Jo Nes­bø Asche­houg

Etter tre ro­le­ge år som fore­le­sar på Po­liti­høg­sku­len, let Har­ry Ho­le seg over­tale til å dan­ne ei eiga, lita etter­fors­kings­grup­pe. Bak­grun­nen er at flei­re unge jen­ter, som har vore ak­ti­ve på ein sjek­ke-app, Tin­der, blir fun­ne bes­ti­alsk drep­ne.

Det som blir av­gje­ran­de for at Ho­le tar opp­dra­get, er at han mis­ten­ker at se­rie­draps­man­nen kan vere ein mann ver­ken han el­ler Oslo­po­li­ti­et greid­de å ta for om lag tre år si­dan. «Tørst» er ein krim­ro­man på det ni­vå­et ein ven­tar av Nes­bø. Minst.

Tit­te­len fekk meg til å ten­ke at det kan­skje skul­le hand­le eks­tra my­kje om Ho­les al­ko­hol(mis)bruk. Rett nok blir det eit par fylle­ku­ler, men al­ko­hol­tørs­ten er mind­re enn van­leg i den­ne boka. Hel­ler ikkje det­te skal eg ut­dju­pe, men plot­tet er, ge­ni­alt.

Når masse­mor­da­ren blir inn­hen­ta rundt side 400, har Ho­le eit ess i er­met. Det er litt flautt å inn­røm­me det, men fak­tisk tenk­te eg at no kjem det over 100 si­der med fyll­kalk. Så feil kan ein ta når for­fat­ta­ren er Nes­bø.

Boka fyl­ler over 520 si­der, og han som in­spi­rer­te og «styr­de» den bes­ti­als­ke draps­man­nen, blir ikkje av­slørt før på dei sis­te 100 si­de­ne. Sagt på ein an­nan måte, «Tørst» har to mar­ker­te spen­nings­top­par – og den sis­te er heilt fe­no­me­nal.

Sjølv­sagt stre­var Ho­le fram­leis med sine de­mo­nar, like sjølv­sagt er av­slø­rin­gar av mis­un­ning in­nan Oslo­po­li­ti­et – og lek­ka­sjar til pres­sa. Eg synst gans­ke ofte at krim­bø­ker er for my­kje pre­ga av unød­ven­dig små­prat. Små­prat er det også i den­ne boka, men – og det er det som skil den lit­te­rære klin­ten frå kvei­ten – små­pra­ten i «Tørst» er naud­synt. Det er mu­si­kals­ke kom­men­ta­rar, po­li­tis­ke og kul­tu­rel­le spark i man­ge ret­nin­gar – og rå­kan­de geip med tren­dar i tida.

Ma­nu­set til «Flag­ger­mus­man­nen», førs­te boka om Ho­le, blei sendt til Asche­houg i 1997 un­der pseu­do­ny­met, Kim Erik Lok­ker. At Nes­bø alt var kjen­dis som låt­skri­var og so­list i grup­pa «Di Der­re» skul­le ikkje (mis)bru­kast i mark­nads­fø­rin­ga. Asche­houg har nok ikkje ak­ku­rat ang­ra på at boka blei ein rea­li­tet…

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.