Sterkt om miljø­kri­mi­na­li­tet i An­tark­tis

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJAR­NE TVEITEN

SAKPROSA Jak­ten på Thun­der

Eskil Eng­dal & Kjetil Sæ­ter Vig­mo­stad & Bjør­ke ut­ford­rar kvar­and­re.

Jak­ta er driv­hju­let i ei sak­prosa­bok som må vere ei av dei vik­ti­gas­te som har kome i år. Inni­mel­lom for­tel for­fat­ta­ra­ne ut­fyl­lan­de om kva som ligg bak; enorm for­te­nes­te og ano­ny­me ei­ga­rar, som stort sett kan spo­rast til Ga­li­cia i Spa­nia.

For­fat­ta­ra­ne bru­kar or­det ma­fia om «bak­men­ne­ne», flei­re av dei blir pre­sen­ter­te med fullt namn. Det er den pa­ta­gon­s­ke tann­fis­ken, ein djup­vass­fisk som blir kal­la ei de­li­ka­tes­se, Thun­der er ute etter.

Eg let meg im­po­ne­re av dei to for­fat­ta­ra­ne. Båe har fått flei­re pri­sar for jour­na­lis­tikk i øvs­te di­vi­sjon. 17 si­der med «Slutt­no­ter» for­tel om grun­dig «re­se­arch.» Vaske­se­te­len frå for­la­get for­tel at boka alt før ho var fer­dig­skri­ven hadde blitt seld til sju land. Det over­ras­kar ikkje.

Boka er spen­nan­de som ein god krim, eg hadde vans­kar med å leg­ge boka frå meg før eg hadde lese ho ut. Det er li­ke­vel eit men; sjølv om dei to for­fat­ta­ra­ne på pro­fe­sjo­nelt vis kler av kjelt­rin­ga­ne.

Dei ver­ke­le­ge for­bry­ta­ra­ne, «bak­men­ne­ne» som både sty­rer rov­fis­ket og stikk av med dei størs­te øko­no­mis­ke ge­vins­ta­ne, vrir seg unna. Med hjelp av or­ga­ni­sert kor­rup­sjon, strå­sel­skap i skatte­pa­ra­dis og ef­fek­tiv «kvit­vas­king» av even­tyr­le­ge for­te­nes­ter, en­dar det med at dei som hå­var inn mest ut­byt­te ikkje får den straf­fa dei for­te­ner.

For­fat­ta­ra­ne for­tel med brei pen­sel, gjen­nom boka skif­ter dei ofte syns­stad, for å få med det to­ta­le bil­det av kam­pen mot rov­fis­ket i An­tark­tisk. Det gjer boka krev­jan­de for le­sa­ra­ne, men kon­klu­sjo­nen min er at for­fat­ta­ra­ne har le­vert eit kjempe­godt ar­beid i kam­pen mot miljø­kri­mi­na­li­te­ten i sør­pol­om­rå­det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.