Sprek til å vere daud

Faedrelandsvennen - - MENING - MAG­NE AASBRENN

I Fædre­lands­ven­nen 27. mars har Jan Grøn­lund eit inn­legg der han skriv at «Ny­norsk er dø­en­de».

●● Her er Jan Grøn­lunds inn­legg som det re­fe­re­res til:

●● Ny­norsk er dø­en­de

●● I Noregs Mål­lag sy­nest vi jo det­te er ei trist ny­heit, men om ny­nors­ken døyr, så må det jo sei­ast at han gjer det på ein livs­kraf­tig måte. Her er noko av det vi i mål­rørs­la har jub­la for ber­re i det sis­te:

• Noregs Mål­lag har flei­re med­lem­mer nå enn vi har hatt på 25 år med 12.411 be­ta­lan­de ved års­skif­tet.

• Ung­doms­or­ga­ni­sa­sjo­nen Norsk Mål­ung­dom har det hø­gas­te med­lems­ta­let på 10 år.

• I det­te skule­året er det 160 flei­re ny­norsk­ele­var i grunn­sku­len enn det var i skule­året før.

• I Vest-ag­der og Ro­ga­land har det vore to av­røys­tin­gar om skule­mål i år, i beg­ge to blei det fleir­tal for ny­norsk.

• Før­re veke blei det gjort kjent at avi­sa VG op­nar for ny­norsk i re­dak­sjo­nelt stoff.

Sli­ke opp­le­vin­gar gjer at vi lu­rer på om dia­gno­sen til Jan Grøn­lund kan­skje ikkje tref­fer li­ke­vel? Om du er ei­nig med oss, så søk opp Noregs Mål­lag på net­tet og bli med, du au!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.