Re­li­giø­se hal­lu­si­na­sjo­nar

Draumkvedet hand­lar om 700 år gam­le re­li­giø­se sy­ner. 7. april syng Kim André Rys­stad i Kris­tian­sand dom­kyr­kje.

Faedrelandsvennen - - KULTUR - TEKST: TORGEIR EIKELAND torgeir.eikeland@fvn.no

– Det er ikkje godt å seie kva Olav Åste­son had­de stap­pa i seg før han drøymte det­te her, ler Kim André Rys­stad. Fre­dag 7. april fram­fø­rer han Draumkvedet i Kris­tian­sand dom­kyr­kje. Mel­lom­al­der­bal­la­den er i folke­mu­sikk­mil­jøa rek­na som sjøl­ve det nors­ke na­sjo­nal-epo­set. Over 52 vers for­tel det ur­gam­le ver­ket om sy­ne­ne ein Olav Åste­son had­de då han skal ha sove frå jul­af­ten til 13. dag jul.

Kva tid det­te skjed­de er det in­gen som veit, men ein rek­nar med at Draumkvedet kan ha opp­stått i Noreg tid­le­gast på 1300-ta­let. Det var i ind­re Tele­mark på byr­jin­ga av 1800-ta­let at folke­minne­sam­la­rar «opp­da­ga» og etter kvart fekk skri­ve ned flei­re va­ri­an­tar av det som var over­le­vert gjen­nom ge- ne­ra­sjo­nar. Då lev­de ver­sa enno i ein le­van­de, munn­leg tra­di­sjon.

GAMLEMÅTEN

– Eg lær­te sjølv Draumkvedet av Ag­nes Bu­en Gar­n­ås og El­len Nord­s­to­ga på gamlemåten. Det var stort for meg, sei­er Kim André Rys­stad.

Han har kun­na verse­lin­je­ne og me­lo­di­en si­dan han gjekk folke­stu­di­et i Rau­land i 2003 - 2005. Son­ga­ren og kve­da­ren frå Val­le har mel­lom anna tid­le­ga­re gjort seg merkt med å vere med i Me­lo­di Grand Prix i 2012. Då fram­før­te han son­gen «Så vid­un­der­lig». Han har óg gje­ve ut tre solo­al­bum, og det sis­te «Time­glas» fekk ter­ning­kast fem av Fædre­lands­ven­nen sin mel­dar i fjor haust.

Draumkvedet er eitt av fa­vo­ritt­ver­ka til Rys­stad, og dei sis­te tre åra har han etab­le­ra tra­di­sjon med å syn­ge det i Vi­ge­lands­mau­so­le­et i Oslo.

– Der heldt eg i år to kon­ser­tar på 13. dag jul, og båe var ut­sel­de, sei­er Rys­stad. Det er plass til 30 pub­li­kum­ma­rar på kvar av des­se kon­ser­ta­ne.

Tå­ra­ne kjem av seg sjølv når eg høy­rer Kim André syn­ge Draumkvedet. Eg veit ikkje kva det er som gjer det, men han har ei heilt spe­si­ell stemme­prakt.

ROLF GUPTA,

KATOLSK DIKT

Draumkvedet hand­lar alt­så om Olav Åste­son som sov­nar på jule­kvel­den og «dju­pan svev­nen Di­ri­gent fekk». Si­dan kjem for­tel­jin­ga om rei­sa hans til døds­ri­ket. Åste­son vand­rar over Gjallar­brua og mø­ter både erke­en­ge­len Mi­kael og dje­ve­len un­der nam­net Grut­te Grå­skjeg­ge. Mo­ti­va er klårt katolsk-krist­ne, og di­for rek­nar ein med at Draumkvedet må vere frå før re­for­ma­sjo­nen i 1537.

Sa­man med ele­var frå mu­sikk­ut­dan­nin­ga ved UIA rek­nar Rys­stad med å bru­ka 45 mi­nutt på å for­tel­je hei­le soga om Olav Åste­son si ferd. Det er tid­le­ga­re KSO­di­ri­gent Rolf Gupta som di­ri­ge­rer.

– Tå­ra­ne kjem av seg sjølv når eg høy­rer Kim André syn­ge Draumkvedet. Eg veit ikkje kva det er som gjer det, men han har ei heilt spe­si­ell stemme­prakt. Det kan óg hen­ge sa­man med at eg veit kor gam­le des­se ver­sa er, sei­er di­ri­gent Rolf Gupta.

– Er det ofte at folk gret når du syng Draumkvedet, Kim André Rys­stad?

– Det hen­der det, sva­rar Rys­stad.

ORNAMENT

– Det er noko heilt spe­selt å stå ålei­ne fram­for folk og syn­gje eitt og eitt vers av den­ne his­to­ria, for­tel Rys­stad. Han syng ikkje Draumkvedet likt frå gong til

gong, og det hen­der han vel uli­ke or­na­men­te­rin­gar spon­tant når han syng ver­sa.

– Eg har ikkje gått så djupt inn i teks­ta. For meg er det me­lo­di­en som er det vik­ti­gas­te, sei­er Rys­stad.

Eg la meg ned um jol­eftan ster­kan svev­nen fekk, vak­na ’kje fyrr om tret­tan­da­gjen, då fol­ket åt kjyr­kjun gjekk.

Fyr må­nen skin’e og ve­gji­ne fal­le so vide.

FOTO: PETER GUPTA

Rolf Gupta t.h. vert rørt til tå­rer når Kim André Rys­stad syng det man­ge hund­re år gam­le Draumkvedet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.