Se­tes­dal er Noreg sin kan­di­dat til Unescos verds­arv­lis­te

Hei­le ver­da vil få au­ge­ne opp for se­tes­dals­kul­tu­ren der­som folke­dans og mu­sikk frå da­len kjem inn på verds­arv­lis­ta til Unesco.

Faedrelandsvennen - - KULTUR - ODD-INGE RØNNING ULEBERG

– Det er i alle høve det me vo­nar og trur, sei­er ein sprud­lan­de glad lei­ar i Se­tes­dal spele­manns­lag, Astri Rys­stad, til Fædre­lands­ven­nen et­ter at Kul­tur­de­par­te­men­tet har god­kjent Se­tes­dal som Nor­ge sin kan­di­dat til den im­ma­tri­el­le verds­arv­lis­ta til Unesco.

And­re sta­der og kul­turu­t­rykk har opp­levd auka sta­tus et­ter å ha blitt vel­sig­na av verds­or­ga­ni­sa­sjo­nen. Unesco er FN sin arm for kul­tur, ut­dan­ning, vit­skap og kommunikasjon.

Til dø­mes er bel­gisk øl­kul­tur og cu­bansk rum­ba­dans på Unescos lis­te over im­ma­tri­ell kul­tur­arv.

Astri Rys­stad må ven­te heilt til haus­ten 2018 før ho får det en­de­le­ge sva­ret.

Då skal ein mel­lom­stat­leg ko­mi­té i Unesco i Pa­ris kon­klu­de­re. Det er tale om lis­ta over im­ma­tri­el­le kul­tur­min­ne, og det er se­tes­dals­kul­tu­ren slik han le­ver og vert ut­øvd i dag som skal inn på lis­ta.

– Eg ser sto­re ring­verk­na­der, ikkje minst må me få til endå meir rundt folke­mu­sikk­sen­te­ret på Syl­var­tun. Det­te kan bli vik­tig for reise­li­vet også, sei­er Rys­stad.

Se­tes­dal spele­manns­lag har job­ba med å kome på verds­arv­lis­ta si­dan 2012. Det tek tid å pus­se på søk­na­der. Hei­le fire måt­te se­tes­dø­la­ne sen­de før Kul­tur­rå­det og de­par­te­men­tet mein­te den var god nok til å sen­dast vi­da­re.

– Me har til dø­mes job­ba my­kje med en­gels­ken. Dess­utan er det ikkje så lett å bli heilt kon­kret. Det har så lett for å bli ad­jek­tiv om song og mu­sikk. Me måt­te job­be godt for å bli kon­kre­te nok, sei­er Rys­stad.

For Unesco er det vik­tig at tra­di­sjo­nell kul­tur fram­leis le­ver i kvar­da­gen. Se­tes­dø­la­ne skriv di­for my­kje i søk­na­den om kor­leis tra­di­sjons­mu­sik­ken, dans, stev og kve­ding fram­leis vert nyt­ta i da­len.

Mu­sik­ken og dan­sen le­ver både hei­me hjå folk og på folke­mu­sikk­pub. Stev vert fram­leis nyt­ta i bryl­laup, men også i re­kla­me og som debattinnlegg. Folke­mu­sik­ken er rett og slett ein del av det dag­le­ge li­vet i da­len.

FOTO: ARILD JAKOBSEN.

Astri Rys­stad og folke­mu­si­kar Kir­sten Brå­ten Berg har job­ba med Unesco-saka i man­ge år. No nær­mer det seg si­ger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.