Ikkje hels læra vel­ko­men!

Faedrelandsvennen - - MENING - EGIL MORLAND, vara­med­lem til Kyr­kje­mø­tet, tid­li­ge­re med­lem av Kyr­kje­rå­det

Eg vil med det­te opp­mo­da alle kyr­kje­ly­dar, sær­leg der kyr­kje­fol­ket kjen­ner seg uroa over å ha pres­tar som støt­tar den nye ek­te­skaps­læra, til å gje frå­seg­ner om at dei ikkje hel­sar den­ne læra vel­ko­men hos seg.

eg kjen­ner ein og an­nan bis­kop som vil le­sa det eg skriv her som eit for­søk på å ska­pa uro. For dei har sat­sa på at alt skal gå ro­leg og har­mo­nisk for seg, et­ter at Kyr­kje­mø­tet gjor­de eit ved­tak dei var i mot, men li­ke­vel røys­ta før. Lat meg for­sik­ra om at det er det mot­set­te som ligg meg på hjar­ta. For no er uroa så stor og tål­mo­det så tynn­sli­te man­ge sta­der, at det må fin­nast ein ven­til som kan luf­ta uroa!

Sist helg tala eg i ei stor bede­hus­for­sam­ling. Flei­re eg snak­ka med had­de alt meldt seg ut av kyr­kja. Avi­se­ne har ikkje skri­ve om det, for des­se fol­ka er ikkje kjen­di­sar. Dess­utan er dei ikkje så man­ge at ikkje eit kon­fir­mant­ju­bi­le­um, ei kyr­kje­bok el­ler no­kre dåps­fa­mi­li­ar kan ka­mu­fle­ra kva det­te ty­der. Men det mer­kast i sam­fun­net av dei hei­la­ge, dei som tru­fast kjem sa­man i tru og til­be­ding!

I eit sym­pa­tisk in­ter­vju i Ekko (NRK 2) med sokne­prest Hel­ge Stan­dal i Sykk­ylven ny­leg, kom det fram at han ikkje ein­gong får gå av i fred og ro, når han no vil slut­ta som prest. For det er grunn­gje­vin­ga hans som pro­vo­se­rer. For sin del finn han ikkje å kun­na te­na i ei kyr­kje som held seg med to dia­met­ralt mot­set­te læ­rer om ek­te­ska­pet. Han skul­le jo fått ros for lo­gik­ken, om ikkje for kon­se­kven­sen han dreg! Men nei. Grunn­gje­vin­ga hans har ført til uro i kon­fir­mant­flok­ken ( ja, tru det?), slik at bis­ko­pen – som alt­så er samd med han i sak – spør om han kan ten­kja seg å slut­ta litt tid­le­ga­re, før kon­fir­ma­sjo­nen. For her er det jo «na­tur­leg» å ten­kja tre må­na­ders opp­sei­ing...

Slik held pa­ro­di­en fram, i kyr­kje­lyd et­ter kyr­kje­lyd, der både van­le­ge folk og media til nød har fått med seg at det er lov å «re­ser­ve­re » seg mot den nye læra. Dei har slett ikkje for­stått at læ­re­ne er «like­ver­di­ge». Bis­ko­pen opp­mo­dar pres­ta­ne til å ha «tillit til Km-ved­ta­ket». Den opp­mo­din­ga tek kaka! Kvi­for skul­le vi ha tillit til eit ved- tak no, når vi ald­ri har hatt det før, men tvert om åt­va­ra om at dét vil­le skje som no skjer?! Og kvi­for skal vi ha tillit til eit ved­tak der des­se bis­ko­pa­ne sjøl­ve har fått skri­ve inn at dei er imot det?

Sist veke tryk­te Da­gen eit inn­legg frå ad­vo­kat Jo­han Ha­ga. Det hand­la om sokne­mø­tet sitt myn­de til å ta (nye) li­tur­gi­ar i bruk – el­ler til ikkje å gje­ra det. Det bør klip­past ut og sprei­ast. I Ei­ken i Ag­der har dei sjøv­sagt teke vare på det. For dei har fått høyra frå bis­ko­par og Kyr­kje­råd at for­di Kyr­kje­mø­tet no har det myn­det som Kon­gen tid­le­ga­re had­de (§ 16 i Gr.l.).

Kyr­kje­rå­det og det­te rå­det sin stab gjer noko vel­dig dumt når dei hev­dar at kyr­kje­ly­da­ne må hal­da fing­ra­ne frå fa­tet. For sokne­råda var sjølv­sten­di­ge retts­sub­jekt len­ge før det vart opp­ret­ta eit na­sjo­nalt retts­sub­jekt (2017). I Kyr­kje­lova hei­ter det at sokne­mø­tet skal ta stil­ling til inn­fø­ring av nye li­tur­gi­ar.

Det er meir saks­sva­ran­de, ja, ær­leg, å seia at dei to læ­re­ne gjen­si­dig ute­luk­kar kvar­and­re, enn å seia at dei er like­ver­di­ge. Det førs­te er sant. Det and­re er løgn.

❞ Dei har slett ikkje for­stått at læ­re­ne er «like­ver­di­ge».

FOTO: SYDA PRODUCTIONS / SHUTTERSTOCK

For no er uroa så stor og tål­mo­det så tynn­sli­te man­ge sta­der, at det må fin­nast ein ven­til som kan luf­ta uroa, skri­ver ar­tik­kel­for­fat­te­ren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.