Se­tes­dals­pri­sen til Has­la AS

Faedrelandsvennen - - ØKONOMI - TEKST: ODD-IN­GE RØNNING ULEBERG odd.in­ge.uleberg@fvn.no

Gre­te Fos­sen og Ør­nulf Has­la blei tors­dag kveld heid­ra med den høgt­hen­gan­de Se­tes­dals­pri­sen.

– Dei har skapt ei verk­semd som er eit fyr­tårn for hei­le Se­tes­dal, hei­ter det i jury­en si grunn­gje­ving.

Gre­te Fos­sen og Ør­nulf Has­la ski­pa Has­la i 1996, tid­le­ga­re heit­te verk­sem­da Se­tes­dal­sylv AS.

Ekte­pa­ret har hatt opp­læ­ring­an­svar for hei­le 61 lær­lin­gar og har ar­beidd lang­sik­tig med re­krut­te­rin­ga til sylv­smed­fa­get, som jo er ein av dei mest tra­di­sjons­rike næ­rings­ve­ga­ne i Se­tes­dal.

HEI­LE VERDA

Fra Has­la sine lo­ka­le i Val­le blir det selt sylv og bu­nads­ylv over hei­le verda. Om lag 40 pro­sent blir eks­por­tert til ut­lan­det, mel­lom an­na til Epcot­sen­te­ret i Flo­ri­da.

Has­la AS har også star­ta eit dot­ter­ut­sal på Grü­ner­løk­ka i Oslo, og her er det ver­ke­leg snakk om dot­ter­verk­semd. Det er døt­re­ne til Fos­sen og Has­la som driv bu­tik­ken i ho­vud­sta­den.

Verk­sem­da er kjend for å ska­pe smyk­ke ba­sert på ein en­kel og stil­rein nor­disk de­sign­fi­lo­so­fi, men det vert også laga my­kje tra­di­sjo­nelt bu­nads­ylv. Has­la AS om­set for opp mot åt­te mil­lio­nar kro­ner i året.

Det er dei fire ord­fø­ra­ra­ne i Se­tes­dal som er jury for Se­tes­dals- pri­sen. Dei sei­er at Has­la AS og ekte­pa­ret Gre­te Fos­sen og Ør­nulf Has­la er blitt ein spyd­spiss i mark­nads­fø­rin­ga av da­len, ikkje minst gjen­nom so­sia­le media.

Pri­sen blei delt ut un­der fest­mid­da­gen til Se­tes­dals­kon­fe­ran­sen på Revs­nes Ho­tell på Byg­lands­fjord tors­dag kveld.

TID­LE­GA­RE VINNARAR:

Saa­ve Nome­land (/Nome­land Anlegg AS), Han­na og Bjørn Er­ling Aue­stad (Byk­le Ho­tell), Alf Tore Moen (Evjekli­nik­ken), Per Birke­land (Byg­lands­fjord Sag), Ter­je Grei­bes­land (Se­tes­dal Bil­ru­ter), Kai Je­iske­lid og Val­le Spare­bank.

FOTO: STYRK FJÆRTOFT

Se­tes­dals­pri­sen 2017 går til Has­la AS, her re­pre­sen­tert ved Ør­nulf Has­la. Kir­sten Borge de­ler her ut pri­sen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.