Kai Ot­to Jør­gen­sen

Faedrelandsvennen - - NÆRT - LEIV TORSTVEIT

●● Min god ven, Kai Ot­to, sov­na stil­le inn 17. april. Kai Ot­to var for meg ein svært spe­si­ell ven. Då eg var lengst nede, tok han kon­takt med meg. Den­ne kon­tak­ten had­de me res­ten av li­vet hans. Me kun­ne snak­ke om alt. Kor­leis me had­de det, kor­leis li­vet var for oss nett då. Kai Ot­to stil­te spørs­mål, han fekk meg til å sjå and­re si­der enn dei eg såg. Han var ær­leg.

Kai Ot­to vart fødd i Kris­tian­sand i 1946. Her bud­de han til han var ti år. Då flyt­ta fa­mi­li­en til New York. Han tok til på sku­len der utan å kun­ne språ­ket godt.

Seks­ten år gamal flyt­ta han får New York til Øvre­bø. Han had­de utru­le­ge over­gan­gar i li­vet sitt, og det set­te nok preg på han. Det som gjor­de li­vet let­ta­re for han var ball­spel. Kai Ot­to var uvan­leg god i alt som had­de med ball å gje­re. I New York gjor­de det at han kom i ein be­tre klas­se enn den han skul­le gått i. Hei­me i Noreg, skaf­fa det han rom. Alt som ein 18 åring fekk han plass i Vigør, der spel­te han i over ti år. I dei sei­na­re åra bruk­te han my­kje tid på golf.

Eg møt­te Kai Ot­to då me tok til på læ­rar­sku­len. Han ut­mer­ka seg med sitt emi­nen­te bas­ket­ball spel. Beste­mann på hei­le sku­len. Og Kai Ot­to var som re­gel mel­lom dei bes­te same kva han tok fatt i.

Han var sam­funns­en­ga­sjert. Kai Ot­to sat i by­sty­re for Venst­re i Kris­tian­sand.

Opp­veks­ten hans gjor­de nok at han lær­te å ob­ser­ve­re, sjå folk. Kai Ot­to tok og fekk kon­takt med per­son­ar som had­de bruk for å bli sett. I dei sis­te åra en­ga­sjer­te han seg i hjelpe­ar­bei­det i Filadelfia. Kai Ot­to fant at­ten­de til Gud hos Filadelfia. Sis­te gon­gen eg snakk med han sa han: Eg veit at eg har kort tid igjen å leve. Det vik­ti­gas­te for meg er at eg får hal­de fast i trua mi.

Kai Ot­to trud­de me skul­le få flei­re sam­ta­lar, men det gjor­de me ikkje. I dag set ag att og ten­kjer: Kor hel­dig eg var som fekk lov til å ha Kai Ot­to som ein nær ven. Og tan­ka­ne mine går vi­da­re til bar­na hans, In­gjerd, Kay Chris­ti­an og Ve­mund.

Dei har mis­ta my­kje, men også fått my­kje. Eg ly­ser fred over min god ven, Kai Ot­to, sitt min­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.