Ja, eg he det ver­ke­leg som plom­ma i eg­get. Tenk å vere fast til­sett i sta­ten – på Ev­je.

Faedrelandsvennen - - NYHETER -

ne på Evje­moen. Idrott og al­ko­hol er til van­leg ein dår­leg kom­bi­na­sjon, men her re­sul­ter­te alt­så det­te i beste­no­te­ring for Grethe Ueland Huns­ha­mar og la­get hen­nar. Vin­nar­la­get – el­ler Konge­la­get om du vil.

– Ei­gent­leg så he eg det som plom­ma i eg­get, sei­er Grethe og vert for ei stund både ta­gal – og tanke­full. Ho er meir enn van­leg tale­før. Særs god i norsk munn­leg. Når ho skal fortele om fe­rie­pa­ra­di­set, hytte­drau­men som ho og ekte­ma­ken Erlend he sik­ra seg – ja då vert ho nær­ast sa­kral i røys­ta.

Det er i Lus­ter i Sogn, tett att­med Sogne­fjor­den, dei he fun­ne si eiga opp­kome av fred, ro – og ek­te livs­kva­li­tet. Eit vik­tig halde­punkt på livs­ve­gen. Ein stad kor dei båe to finn fred og ro – ein stad kor dei finn helse­bot for både le­kam og sjel. Her rei­ser dei så ofte dei kan få det til. Eit fan­tas­tisk ut­gangs­punkt for man­ge minne­rike fot­tu­rar i høg­fjel­let. Ei in­ter­es­se, og ein hobby,dei båe set av ri­ke­leg med tid til kvart ein­as­te år.

– Ja, eg he det ver­ke­leg som plom­ma i eg­get. Tenk å vere fast til­sett i sta­ten – på Ev­je. Gode kol­le­ger og tri­ve­le­ge kun­dar. Eg gler meg til å gå på jobb kvar ein­as­te dag. Snart kan eg lau­ge meg i Sogne­fjor­den, nyte eit glas fransk kvit­vin – me­d­an le­ka­men tur­ker seg i su­mar­vin­den. På gras­vol­len. På hytte­tu­net.

Grethe Ueland Huns­ha­mar. Ei av man­ge flot­te og du­gan­de for­ret­nings­kvin­ner på Ev­je. I Se­tes­dal. Det er sli­ke emne me bør take godt vare på – syne om­sut for. Dei er gull verd for byg­da, for da­len – for dis­trik­ta.

FOTO: ØYSTEIN MOI

Grethe Ueland Huns­ha­mar er sjef på vin­mono­po­let på Ev­je.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.