Det gjeld å opp­fø­re seg som folk – og det gjeld å bru­ke sundt folke­vet. Me er då alle sam­byg­din­ger.

Faedrelandsvennen - - NYHETER -

ute på byg­da.

Bort­sett frå når han kjem­per seg gjen­nom Birke­bei­ner­lø­pet på ski – el­ler når han pas­se­rer mål­stre­ken på Hov­den, etter ein tøff syk­kel­tur frå Kris­tian­sand, så ligg Ter­je trygt innan­for gren­sa for det som både medi­sinsk sak­kun­di­ge og folk flest kal­lar for kvile­puls.

LENSMANN På HEIMEBANE

– Ja eg er beint fram like ro­leg same kva som skjer. Sjølv i dei mest dra­ma­tis­ke og kao­tis­ke si­tua­sjo­na­ne så kla­rar eg å hal­de ho­vu­det klårt. Det­te ligg på ein måte i rygg­mar­gen. Eg er pro­gram­mert slik.

Lensmann Sti­foss skryt av ung­do­men i Ev­je og Horn­nes.

– Det­te er så av­gjort ein tri­ve­leg stad å vere po­liti­mann.

Sa­man med fire kol­le­ger driv han den vel­re­no­mer­te po­liti­sta­sjo­nen få hund­re me­ter sør for handle­gata i sen­trum. Eit sterkt lag, re­krut­tert frå nær­mil­jø­et – frå granne­la­get, som ut­fø­rer sine på­lag­te ar­beids­opp­gå­ver til bes­te for sine sam­byg­din­ger.

– Det er ikkje noko stort pro­blem å vere lensmann i mi eiga heim­bygd, sei­er Ter­je. Han kjen­ner dei al­ler fles­te av kun­da­ne sine. Dei er gjer­ne til­høy­ran­de i granne­la­get – el­ler i nabo­byg­da. Ein­skil­de kjem frå Dåsvanns­da­len.

– I man­ge høve kjen­ner eg både for­eld­ra og beste­for­eld­ra til ung­do­men eg kjem i kon­takt med. He me hatt eitt el­ler anna opp­gjer med no­kon ute på byg­da, el­ler her på lens­manns­kon­to­ret, den eine da­gen – ja så mø­ter me gjer­ne same per­sonen på bu­tik­ken nes­te dag. Det gjeld li­ke­vel å ha re­spekt for kvar­and­re. Det gjeld å opp­fø­re seg som folk – og det gjeld å bru­ke sundt folke­vet. Me er då alle sam­byg­din­ger.

Lens­man­nen ta­ler seg gjer­ne varm, og vel så det, om det flot­te, nær­ast eine­stå­an­de, ung­doms­mil­jø­et i byg­da. Po­li­ti­ka­ra­ne for­te­ner ros, og hei­der­leg om­ta­le, for at dei gjen­nom man­ge år he sat­sa mål­ret­ta mot ung­do­men. Idrotts­la­get i byg­da legg ned tu­sen­vis av dug­nads­ti­mar kvart ein­as­te år. Nye idrotts­hal­lar, ny ski­bak­ke, kunst­gras­bane, dei bes­te ski­løy­pe­ne på hei­le Sør­lan­det – og ihuga for­eld­re og føre­set­te som er sjøl­vas­te grunn­mu­ren i hei­le pro­sjek­tet.

Eit pro­sjekt, ei sat­sing, som me ser fruk­te­ne av kvar ein­as­te dag. Kvar kveld. Kvar helg.

Det er kan­skje på heia, i vel­pre­pa­rer­te løy­per på Hø­g­ås Skian­legg – el­ler på syk­kel­se­tet i fullt driv mel­lom Ev­je og Hov­den at Ter­je tri­vast al­ler best. Ein ihuga idrotts­mann. Du finn han ofte på start­stre­ken. Han kjem all­tid til mål. Du ser han sjel­dan på si­gers­pal­len. Ter­je li­kar seg ikkje i rampe­ljo­set. Ikkje ein gong når det tev­last om edelt me­tall på idrotts­ba­nen.

– BORTIMOT STEINGALEN

Slik he han gjort kar­rie­re i po­li­ti­et. Slik he han vor­te ein om­tykt lensmann i heim­byg­da – og slik kan han vere ein del av ein stor og tru­gen vene­krins når ar­beids­da­gen er slutt og når kon­tor­døra er låst.

– Men du veit det ab­so­lutt størs­te for meg er å vere beste­far. Eg er bortimot steingalen når det gjeld å få vere i hop med med dei to barne­bar­na mine. Ab­so­lutt den størs­te gle­da eg kan ha i kvar­da­gen. I li­vet.

Ja, ein kan beint fram sjå føre seg Ter­je Sti­foss som den nær­ast full­kom­ne beste­fa­ren. Sub­ban­de rundt i sto­va på eit par vel­bruk­te filt­tøf­lar. To barne­barn som krev full merk­semd frå mor­gon til kveld – og ein smi­lan­de og stolt beste­far med kon­stant kvile­puls.

Det er ikkje alle born som kan skry­te av å ha ein beste­far som er sør­lands­meis­ter i po­tet­skrel­ling. Slike beste­fed­re er ikkje som and­re beste­fed­re. Dei er mer­ka for li­vet. I hu­gen. I ho­vu­det.

Tøf­fe gu­tar frå tida i be­red­skaps­trop­pen i Oslo, på 80-ta­let. T.v.: Nove­ran­de sta­sjons­sjef ved Grim­stad po­liti­sta­sjon, Ter­je Gun­der­sen. T.h.: Ter­je Sti­foss.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.