Små­bruk

Faedrelandsvennen - - MENING -

Små­bruk er det ein lei­tar mest etter på Finn.no.

●● Man­ge per­son­ar ønskjer alt­så å skaf­fe seg eit små­bruk. Og når det kvart år blir lagt ned mel­lom 1000 og 2000 gards­bruk, er det for­un­der­leg få av des­se bru­ka som blir lag­de ut for sal. Kvi­for er det slik når bonde­or­ga­ni­sa­sjo­na­ne krev be­tre drive­vil­kår for bøn­de­ne? Eit av ar­gu­men­ta dei­ra er at me på grunn av be­red­ska­pen, må har eit spreidd og godt land­bruk. Eg er heilt samd med dei at me må ha eit vel­fun­ge­ran­de land­bruk. Men bon­de­laga to­rer ikkje ta ste­get heilt ut og ut­ford­ra eige­doms­ret­ten.

Når ein bon­de vil slut­te av med drif­ta si, lei­ger han til van­leg bort den dyr­ka jor­da og har få el­ler in­gen dyr på bru­ket. Men er mat og be­red­skap vik­ti­ge, kan me ikkje la det vere opp til den en­kel­te ei­gar om han vil dri­ve el­ler ikkje. I dag kan ein bon­de slå gra­set og la det lig­ge å rot­ne. Had­de ein del av des­se bru­ka blitt del­te opp i små­bruk, vil­le man­ge hobby­bøn­der kjøpt des­se bru­ka. Dei nye bøn­de­ne vil­le kan­skje hatt 10 sau­er, 20 høns og to mål med po­te­ter. Det vil­le vore ein godt til­skot til ein auka be­red­skap.

Er det rett at folk bu­set­te i Kris­tian­sand eig eit små­bruk/bruk i and­re bygder? Byg­de­ne ro­par etter nye folk, men dei vil ikkje gje­re noko med den hei­la­ge eige­doms­ret­ten. Tvangs­sel­je ned­lag­de bruk!

I dag er det slik at kjø­per du eit gards­bruk er der bu og drive­plikt i fem år. Kva me å inn­føre livs­va­rig drive­plikt? Når ein ikkje vil dri­ve len­ger, la nye folk slep­pe til? Er det ein uten­kjan­de tan­ke for bon­de­laga? Alle vil ha le­van­de veldrivne bygder. Då må det vere eit krav om å bu i byg­da, skal du eige eit gards­bruk der. LEIV TORSTVEIT

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.