God, farts­fylt thril­ler

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJARNE TVEITEN

KRIM

«Hvis hel­ve­tet var av is»

Ber­nard Mi­ni­er. Om­sett av Christina Re­vold Asche­houg

Ynd­lings­hes­ten til ein mange­mil­li­ar­dær blir dre­pen, og ho­vu­det hengt opp i ein be­tong­kon­struk­sjon. Så blir ein far­ma­søyt fun­nen grovt mis­hand­la, dre­pen og hengt opp un­der ei bru. På same tid be­gyn­ner ein kvin­ne­leg, ung psy­ko­log å ar­bei­de på ein in­sti­tu­sjon for spe­si­elt far­le­ge kri­mi­nel­le.

Når det så blir fun­ne DNA frå ein av dei al­ler far­le­gas­te pa­si­en­ta­ne på den av­li­va hes­ten, blir det slått full alarm. Det hei­le er lagt til før­juls­tid langt oppe i Py­re­ne­ane, og kri­mi­nal­første­be­tjent Ser­vaz og med­ar­bei­da­ra­ne hans lei­tar len­ge i blin­de. Det blir ei sjølv­mords­bøl­gje blant ten­årings­jen­ter i dis­trik­tet man­ge år tid­le­ga­re som fø­rer til at mys­te­ri­et blir løyst.

Det får greie seg om inn­hal­det i den­ne «krim-noir-boka», som for­fat­ta­ren har ut­styrt med eit inn­fløkt, men lo­gisk plott. Den gjen­nom­gå­an­de stem­nin­ga gjen­nom dei vel 630 si­de­ne, er dys­ter.

Baktep­pet er mel­lom anna kul­de og uver, skild­ra på ein måte som iblant får det til å gå kaldt ned­over ryg­gen – i alle fall på meg. Yr­sa Si­gur­dar­dottir var eit namn som rann meg i hug. Den is­lands­ke krim- og barne­bok­for­fat­ta­ren li­kar å leg­ge hand­lin­ga til sta­der med tåke, uver og eks­tre­me na­tur­til­hø­ve.

«Hvis Helve­te var av is» er, stort sett, kri­mi­nal­tek­nisk godt hand­verk. Den frans­ke for­fat­ta­ren, Mi­ni­er, greid­de å lure meg gjen­nom nes­ten hei­le boka. Slut­ten var ei aha-opp­le­ving. Slut­ten gav meg litt bak­over­sveis – for­di eg had­de lese dei førs­te 100 si­de­ne utan å opp­da­ge at gans­ke my­kje var på plass alt.

Eg skreiv at boka til Ber­nard Mi­ni­er, stort sett, er bra krim­hand­verk. Men, eg har flei­re at­ter­hald. 630 si­der er minst 100 til 200 for my­kje – den grunn­leg­gan­de in­tri­gen krev ikkje så man­ge si­der. Unød­ven­di­ge oppatta­kin­gar ir­ri­te­rer meg som le­sar.

Den vik­ti­gas­te inn­ven­din­ga er li­ke­vel at ver­ken kri­mi­nal­første­be­tjent Ser­vaz, el­ler dei and­re, sen­tra­le per­sona­ne står heilt til tru­an­de – psy­ko­lo­gisk. Minst ein laus tråd gjer at eg rek­nar med at det kjem minst ei bok til med dei sen­tra­le per­sona­ne i krim­men.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.