Mei­nings­laus dato­stemp­ling

Faedrelandsvennen - - MENING - BJAR­NE TVEITEN, Byk­le

Eg har i man­ge år tenkt at eg skul­le gri­pe or­det og på det ster­kas­te ta av­stand frå den full­sten­dig mei­nings­lau­se dato­stemp­lin­ga på man­ge mat­va­rer.

●●

I dag tid­leg, ons­dag den 14. juni, drakk eg skum­ma­mjølk som var stemp­la 9. juni. Mjøl­ka sma­ka sab­la godt. Vel, fem da­gar er kan­skje ikkje all ver­da, men eg veit at det er man­ge som kas­tar mjølk som har gått ut på dato i søp­la. For ei tid si­dan plas­ser­te eg på ei av brød­ski­ve­ne til fru­kos­ten min, ei ski­ve skinke­på­legg som var stemp­la den 21. mai – og da­to­en var den 1. nes­te må­nad, juni. Skin­ka sma­ka su­ve­rent! Des­se to døma er skrem­man­de.

Man­ge trur fak­tisk at dato­stemp­lin­ga må ta­kast på al­vor. Eg har snak­ka med ikkje så få som sei­er at mjølk og på­legg som har gått ut på dato, blir kas­ta, Kron­ek­semp­let på van­vi­tet er egg. Eg had­de sys­ter mi på be­søk like til i går, den 13. juni. Ho bur i Sve­ri­ge. Den 12. juni ser­ver­te eg ein ome­lett som var laga av egg stemp­la den 11. mai. Ome­let­ten, med gras­lauk og per­sil­le, blei mot­te­ken med ova­sjo­nar!

Ja, det går an å le rått av dato­stemp­lin­ga av mjølk, skinke­på- legg og egg. Ja, det ver­kar sjølv­sagt på ein måte ko­misk. Men, eg mei­ner den­ne dato­stemp­lin­ga ikkje ber­re er ko­misk. Den er res­surs­sløsan­de – mas­se god mat blir kas­ta! Er det ikkje på tide at stor­tings­re­pre­sen­tan­tar/stats­rå­dar tar af­fæ­re?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.