Jord­nære fakta og eg­gan­de fan­ta­si

Ei flott blan­ding av fakta og liv­leg fan­ta­si for barn.

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJARNE TVEITEN

«Kai og kjempe­fros­ken»

Ole Kristian Løy­ning Liv blan­ding av jord­nære fakta, og liv­leg fan­ta­si, jam­før kjempe­fros­ken.

Løy­ning, som bur i Ven­ne­sla, let dy­ret skjø­ne meir av men­nes­ke­leg språk enn no­kon frosk no­ko­sin­ne har gjort. Å seie at for­fat­ta­ren ska­per ein per­son­leg­dom av kjempe­fros­ken vil vere å gå for langt, men barn frå sju-åtte­års­al­de­ren og opp­over let seg fa­sci­ne­re av det even­tyr­le­ge.

Dess­utan, pap­pa Fran­co, som gjer­ne les­kar seg med ei brun flas­ke – el­ler flei­re (mens Kai får cola) – er att­kjen­nan­de for svært man­ge barn. Fran­co er kan­skje ikkje no­kon ide­ell far, men han er ekte. My­kje av teks­ten er dia­lo­gar som flyt lett og greitt. Hu­mor er det flust av, bå­de for bar­na – og for dei vaks­ne som les for bar­na. Stikk, blant an­na til po­li­tis­ke til­hø­ve, tref­fer godt. For­fat­ta­ren har hatt det gans­ke gøy un­der skri­vin­ga, og boka ber preg av grun­dig ar­beid, bå­de med inn­hald og språk.

På tam­pen, det er litt synd at ikkje for­la­get har sat­sa på i al­le fall no­kre il­lust­ra­sjo­nar. Det kryr av si­tua­sjo­nar som for­me­leg ro­par etter å bli teik­na. Sjølv i svart-kvitt vil­le no­kre teik­nin­gar ha gjort boka be­tre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.