Frp for dei rike

Til haus­ten har Frp vore med og styrt lan­det i fire år.

Faedrelandsvennen - - MENING -

●● Si­dan star­ten har par­ti­et skrytt av å ve­ra eit «par­ti for folk flest». No har alle sett at det­te var blank løgn! Par­ti­et har ald­ri vore for folk flest, men for dei rike og vel­fød­de. Mil­li­ar­dæ­ren Olav Thon får ald­ri nok rik­dom. For no­kre år si­dan had­de han lyst til å røys­te på Frp. Kvi­for? Jau, då fekk han mil­lio­nar i skatte­let­te av Frp! Sun­ne og fris­ke nord­menn for­står at slik skatte­let­te for dei rike er gal­skap.

Frp-folk nek­tar også for at dei er ra­sis­tar, men det tyt i gjen­nom, slik som hos Syl­vi List­haug. Ho glø­der av «rase­hat», di­for kan ho ald­ri bli stats­mi­nis­ter i Noreg. Nemn­te par­ti har hel­ler svak kunn­skap. Man­ge er sjå­fø­rar, og vil ha bil­ligt driv­stoff og bom­ma­ne vekk. Dei veit visst ikkje at det fins ber­re ein men­neske­rase her på jor­da i dag. Me har alt­så om lag 99,8 fel­les ge­nar. Den sis­te ar­ten menne­skje døde ut for 29.000 år si­dan. Fem and­re uli­ke ar­tar menne­skje døde ut før. Men om lag 8000 uli­ke re­li­gio­nar øy­de­legg my­kje her på jor­da. Kris­ten­dom­men og islam er verst.

Frp bles av miljø­krav, krav om å rein­se jor­da etter vår til­skit­ning av klo­den. Ha­vet, luf­ta, jor­da var rein ein gong, men vi har skit­na alt til. Man­ge får kreft. Kan­skje nett­opp di­for. Vi har ein stor jobb å gje­ra. Me la­gar tu­sen­vis av nye gif­ter kvar dag, men Frp er som Do­nald Trump. Dei bryr seg ikkje om det. SVERRE OPEDAL, Kris­tian­sand

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.