Svak andre­bok av Geir Tan­gen

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJARNE TVEITEN

KRIM Hjerte­knu­ser

Geir Tan­gen Gyl­den­dal munds­son, og køy­rer vill­mann, med po­li­ti­et i hæ­la­ne. Flei­re mord føl­gjer, og Lot­te Skeisvoll – som har eit nok­så uvan­leg sam­ar­beid med far Gud­munds­son – trur mor­da­ren kjem frå eit høgre­eks­tremt mil­jø i Hauge­sund. Por­no – og det for­la­get ka­rak­te­ri­se­rer som eks­pe­ri­men­tell sex – kjem i til­legg.

Dess­utan er det tale om mas­se slad­der og uin­ter­es­sant små­prat. Språk­leg klad­dar det også, flosk­lar er det fullt av. Av ein el­ler an­nan grunn for­tel for­fat­ta­ren at han si­te­rer and­re for­fat­ta­rar. Kvi­for, må him­me­len vite.

I «Ma­estro» stod eit lik­nan­de lit­te­rært grep fram som, skal vi seie, små­frekk, men ar­tig leik med pre­sta­sjo­na­ne til eit ut­val and­re for­fat­ta­rar. I årets blir det ber­re platt.

Per­son­teik­nin­ga­ne er lite å rope hur­ra for. Som eg har skri­ve flei­re gon­ger, kra­va til per­son­ar som psy­ko­lo­gisk står fram som tru­ver­di­ge, er ikkje like ab­so­lut­te som i ein «van­leg» ro­man, men her blir ver­ken far og son Ravn Gud­munds­son – el­ler Lot­te Skeisvoll stort meir enn papp­fi­gu­rar. En­kel­te sta­der, sær­leg mot slut­ten, grei­er for­fat­ta­ren å ska­pe litt spen­ning, men som heil­skap fell bo­ka, etter mi mei­ning, igjen­nom.

Bo­ka er skrav­le­te, språk­leg platt og (nes­ten) utan skik­ke­leg driv.

Det er flei­re ting som over­ras­kar meg. For det førs­te synst eg det er rart at ikkje for­fat­ta­ren sjølv har inn­sett kor svak bo­ka er på man­ge plan. De­but­boka vi­ser ty­de­leg at han kan my­kje be­tre – utan hjelp av kon­su­lent­ap­pa­ra­tet til Gyl­den­dal («Ma­estro» kom ut på eige for­lag).

Det størs­te pa­ra­dok­set er li­ke­vel at eit for­lag som Gyl­den­dal, slep­per gjen­nom ei slik – eg vil på­stå – ufer­dig bok. Det ligg nær å kon­klu­de­re med at for­la­get, har lete øko­no­mis­ke mo­tiv bety meir enn kva­li­tet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.