Eit for­svar for eit for­tvi­la rop

Faedrelandsvennen - - MENING - JAN KLØVSTAD, Venst­re

Det er ein ulik kamp det­te. På den eine sida Syl­vi List­haug, den raf­fi­ner­te mes­ter i dob­belt­kom­mu­ni­ka­sjon.

På den and­re sida idea­lis­ten Gjermund Or­rego Bjørn­dahl, med so­lid kunn­skap om den har­de kvar­da­gen og dei fæle opp­le­vel­sa­ne unge flykt­nin­gar og asyl­sø­ka­rar slit med. Eg for­står at han er ver­ge for mindre­åri­ge flyk­tin­gar. Enda ein gong har Or­rego Bjørn­dahl gått på List­haugs ef­fek­ti­ve lim­pin­ne. List­haug er si­tert gjen­nom NTB i dei fles­te avi­ser i lan­det 6. juli, med blant an­na «Det er ikke bære­kraf­tig over tid med så stor inn­vand­ring av øko­no­mis­ke mi­gran­ter som vi ser nå.» Både Gjermund Or­rego Bjørn­dahl og eg vil­le hel­ler sagt at sult, nød, fat­tig­dom, kor­rup­te re­gi­me og ter­ror i flei­re land i Nord-afri­ka og Midt-aus­ten tvin­gar folk på flukt.

«Å øns­ke seg et bed­re liv er for­ståe­lig, men gir ikke grunn­lag for opp­hold i Euro­pa», sei­er List­haug. I hei­le intervjuet snak­kar ho om mi­gran­tar. Ein mi­grant er ein per­son som flyt­tar frå eitt land til eit an­na, og dei fles­te som blir om­talt som mi­grant flyt­tar heilt fri­vil­lig fram og til­ba­ke. Også flykt­nin­gar er mi­gran­tar. Men List­haug nem­ner ikkje or­det flykt­ning. I sta­den sei­er ho at «Det er in­gen som er in­ter­es­sert i å be­ta­le mas­se pen­ger for å bli plukket opp, og set­te dem i land på kon­ti­nen­tet der de kom ifra.» Un­der­for­stått: Det­te er lykke­je­ga­rar, som også er rike nok til å be­ta­le for å flyt­te på seg. Ved å om­ta­le alle som nå i all sin nød og fat­tig­dom flyk­tar til Euro­pa som mi­gran­tar, veit Syl­vi List­haug ut­mer­ka godt at man­ge høy­rer hen­ne seie lykke­je­ga­rar og med det snyl­ta­rar på våre vel­ferds­sam­funn.

I prak­sis er List­haug «dømt» til å føre ein langt meir li­be­ral inn­vand­rings­po­li­tikk enn re- gje­rin­ga Stol­ten­berg med Ar­bei­dar­par­ti­et, Sen­ter­par­ti­et og So­sia­lis­tisk Ven­stre­par­ti gjor­de, med støt­te frå Høg­re i Stor­tin­get. Im­po­ne­ran­de nok har Venst­re og Kris­te­leg Folke­par­ti tvunge Syl­vi List­haug til å få til­ba­ke 340 av dei 380 mindre­åri­ge som blei ved­tatt sendt ut av lan­det av Or­rego Bjørn­dahls parti­fel­ler i Ar­bei­dar­par­ti­et. Men li­ke­vel sei­er List­haug gong på gong at ho er stren­ga­re enn Ap. Det er ikkje kor­rekt i prak­sis. Gjermund Or­rego Bjørn­dahl har len­ge vore for­tvi­la over sitt eige par­ti, kan vi sjå av le­sar­inn­legg og for­slag. På fyl­kes­års­mø­tet i år fekk han gjen­nom­slag for eit for­slag om mju­ka­re inn­vand­rings­po­li­tikk, men for­sla­get blei stemt ned på lands­mø­tet. Fortvi­lin- ga over den umen­nes­ke­le­ge be­hand­lin­ga av dei som i flukt frå nød og sult er kome til Nor­ge, har ført til at han enda ein gong har mis­ta kon­trol­len over tas­ta­tu­ret. Det er leit, for­di det svek­kar den rett­fer­di­ge kam­pen han gjer­ne vil føre. Og List­haug er smart nok til å sva­re med ein vel­kjent tek­nikk: Ho gjer seg sjølv til of­fer. Det er ord­bru­ken frå ein djupt frust­rert for­kjem­par som blir pro­ble­met og saka, ikkje kam­pen hans for eit ver­dig liv for no­en av dei fat­ti­gas­te og mest un­der­kua i ver­da.

Pro­ble­met er sult og nød, fat­tig­dom og krig. Det pro­ble­met løy­ser ikkje Nor­ge alei­ne. Men vi kan prio­ri­te­re heilt ann­leis enn stats­rå­den vil. Vi kan straks hen­te kvo­ten vår av dei flykt­nin­ga­ne som nå sit inn­sper­ra i Hel­las og Ita­lia. Vi kan be­hand­le kvart en­kelt men­nes­ke nett­opp som eit men­nes­ke. Vi kan be­hand­le dei sånn at den unge asyl­sø­ka­ren og flykt­nin­gen sy­nest det er tryg­ga­re å kome i ut­dan­ning og ar­beid, og gje­re nyt­te for seg i ver­das ri­kas­te land i sta­den for at han røm­mer frå Engle­gård i Tvede­strand og asyl­mot­ta­ket i Lil­le­sand til eit uver­dig liv på gata i Pa­ris.

Men vi må kon­trol­le­re kvar en­kelt. Det er ri­si­ko for in­fil­tra­sjon, på sam­me måte som vi har sett i and­re ek­sil­mil­jø og slik vi veit no­en nors­ke til­hen­ga­rar av Quis­ling for­søk­te å in­fil­tre­re norsk mot­stands­rørs­le un­der and­re verds­kri­gen.

❞ Im­po­ne­ran­de nok har Venst­re og Kris­te­leg Folke­par­ti tvunge Syl­vi List­haug til å få til­ba­ke 340 av dei 380 mindre­åri­ge som blei ved­tatt sendt ut av lan­det.

NTB SCANPIX FOTO: ÅSERUD, LI­SE /

Ved å om­ta­le alle som nå i all sin nød og fat­tig­dom flyk­tar til Euro­pa som mi­gran­tar, veit Syl­vi List­haug ut­mer­ka godt at man­ge høy­rer hen­ne seie lykke­je­ga­rar, skri­ver den­ne inn­sen­de­ren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.