Liu Xia­o­bo nå, Da­lai La­ma i 1988 og 2014

Faedrelandsvennen - - MENING -

No­bel­pris­vin­na­ren Liu Xia­o­bo er død. Han blei stengt in­ne i feng­sel og sjuke­hus i Ki­na, fekk ald­ri sjølv mot­ta freds­pri­sen.

Ki­na har pro­te­stert kraf­tig mot til­de­lin­ga, og dei nors­ke re­gje­rin­ga­ne si­dan til­de­lin­ga i 2010 har vore uro­vek­kan­de fei­ge. Dei kryp for Ki­na, og le­gi­ti­me­rer brot på grunn­leg­gan­de menneskerettar.

Det­te er dess­ver­re ikkje nytt. Vi hug­sar i 2014 da Da­lai La­ma sist var i Nor­ge. Det var pin­leg at stor­tings­pre­si­dent Ole­mic Thomme­sen (Høg­re) ikkje vil møte han og at Stor­tin­gets vise­pre­si­dent Ken­neth Svend­sen (Frp) fore­slo at ein freds­pris­vin­nar kan gå inn ei bak­dør til Stor­tin­get. Det var også heilt taust frå Ar­bei­dar­par­ti­et. Ven­st­re vil­le ha Da­lai La­ma inn ho­vud­døra.

5. ok­to­ber 1988 var det tid­leg og so­lid snø­vær i Ene­bakk. Gro Har­lem Brundt­land var stats­mi­nis­ter da. I snø­føy­ka kom Da­lai La­ma, som pri­vat gjest til ei sam­ling hos fa­mi­li­en Bu­ten­schøn.

Den ein­as­te parti­leia­ren som tros­sa Ki­nas am­bas­sa­de var Ven­st­res Ar­ne Fjør­toft. I til­legg møt­te Høg­res tid­le­ga­re kul­tur­mi­nis­ter Lars Roar Langs­let og eg, som på den tida var in­for­ma­sjons­sjef i Ven­st­re. In­gen and­re po­li­ti­ka­rar tur­de. Alle parti­leia­rar var in­vi­ter­te til å møte Da­lai La­ma.

Ki­nas am­bas­sa­de var vel­dig ak­ti­ve med å rin­ge til alle par­ti og parti­leia­rar og for­tel­le at å møte Da­lai La­ma vil­le bli sett på som al­vor­leg for for­hol­det mel­lom Nor­ge og Ki­na. Eg had­de «gle­da» av å ha alle Ven­st­res sam­ta­lar med Ki­nas am­bas­sa­de. Eg har hatt hyg­ge­le­ga­re te­le­fon­sam­ta­lar.

Da­lai La­ma snak­ka om menneskerettar, de­mo­kra­ti, re­spekt for kul­tu­rar og uli­ke re­li­gio­nar. Vi som tok sjan­sen på å dis­ku­te­re med han var vi tre frå det po­li­tis­ke mil­jø­et, med­lem­mer av Ti­bet­ko­mi­te­en og ei grup­pe frå Uni­ver­si­te­tet i Oslo, pluss ini­tia­tiv­ta­kar og vert Hans Bu­ten­schøn. Ki­nas am­bas­sa­de vil­le tru­leg vere svært in­ter­es­sert i ein kopi av gjeste­boka som vi alle skreiv oss inn i. Året etter kom det mo­di­ge ved­ta­ket om å gi Da­lai La­ma No­bels freds­pris.

Liu Xia­o­bo fekk også freds­pri­sen, høgst for­tent. Det er god grunn til å tak­ke No­bel­ko­mi­te­en for mo­di­ge ut­de­lin­gar, både til Da­lai La­ma, Liu Xia­o­bo og flei­re and­re. No­bel­ko­mi­te­en står hel­dig­vis heilt fritt. Men skif­tan­de nors­ke re­gje­rin­gar må ha mot til å stå opp­reist for menneskerettar i Ki­na, ikkje kry­pe. JAN KLØVSTAD, fyl­kes­tings­med­lem for Ven­st­re

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.