Dyst­o­pi med over­le­vings­vri

Litt for langt om å over­le­ve i eit posta­po­ka­lyp­tisk sam­funn frå for­fat­tar frå Kris­tian­sand.

Faedrelandsvennen - - KULTUR - BJARNE TVEITEN

Nor­ge om vår­en

Mor­ten Øen Ok­to­ber

Ein li­ten sol­storm star­tar eit to­talt si­vi­li­sa­sjons­sa­man­brot over hei­le ver­da. Når strau­men har vore borte i 1 ½ år, mø­ter vi den einarma Frank, ein av dei som over­lev­de van­vi­tet. Ak­ku­rat når det skjer er litt uklårt, men det er ber­re snakk om no­kre år fram i tid, og det er tale om ind­re Telemark. Anar­ki­et er to­talt, lov­løy­sa full­sten­dig. Ta­let på så­kal­la pinne­kros­sar au­kar dra­ma­tisk, og ho­vud­per­sonen Frank tek også liv.

Kan­ni­ba­lis­me er ut­breidd, også Frank gjer seg skul­dig slik. Øko­no­mi­en har bro­te sa­man, ikkje ber­re i Noreg, men i hei­le ver­da. Vare- og te­neste­byte er løy­sin­ga.

På ein gamal, ein­bølt hus­manns­plass byg­ger han seg eit pri­mi­tivt hus­væ­re for seg og hun­den Blon­di. Eit par kvin­ner – den eine ber­re 11 år – held seg til han i pe­rio­dar. Tv er heilt borte, og ber­re eit par ra­dio­sta­sjo­nar – den eine ki­ne­sisk – sen­der av og til. Med ein del inn­slag av til­bake­blikk, føl­gjer vi ho­vud­per­sonen i om lag eit år.

Ro­ma­nen kan le­sast som eit fritts­tå­an­de fram­hald av «Telle­marck (2015)», ei bok eg las som ein litt spe­si­ell Wes­tern, bå­de blo­dig og bru­tal, med Frank i sen­trum.

Bo­ka i år er ein dyst­o­pi, ei til ti­der gro­tesk skild­ring av eit posta­po­ka­lyp­tisk sam­funn. Kris­tian­san­da­ren Øen un­der­stre­kar det­te med å vise til flei­re ti­tals så­kal­la un­der­gangs­ro­ma­nar – un­der­leg nok finn Frank ein slags trøyst i dei. Dess­utan go­de råd for å over­le­ve.

Øen har all­tid likt å pro­vo­se­re, og den­ne bo­ka er ikkje noko unn­tak. Iblant var eg usik­ker på om han mein­te al­vor – el­ler iro­ni­ser­te. Eg skal ikkje ut­dju­pe det­te med døme, det får bli opp til den en­kel­te å fin­ne ut av.

Men, ro­ma­nen er spen­nan­de, mang­fal­dig og kryd­ra med my­kje fakta frå bå­de gamal og ny tid. Inn­slag av tele­mark­dia­lekt og svært så fol­ke­leg ero­tisk far­ga språk kan vel pro­vo­se­re en­kel­te; sjølv mei­ner eg slikt er greitt – og for­friskan­de. Nem­nast må det også at ho­vud­per­sonen psy­ko­lo­gisk heng greitt i hop – sjølv om han er ein an­nan enn i «Telle­marck.»

Men, ei klår inn­ven­ding har eg, bo­ka er for lang, over 500 si­der. Ei be­ty­de­leg inn­stram­ming had­de, etter mi mei­ning, gjort godt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.