Krigs­hel­ten på Spits­ber­gen

Faedrelandsvennen - - KULTUR - ALF KJETIL IGLAND

BIOGRAFI Kon­gen av Spits­ber­gen. Einar Sverd­rups kamp for gru­ve­ne og mot Nazi-tysk­land

Svein Sæ­ter Sam­la­get

Den gåve­rike Sverdrup- slek­ta har gjort seg sterkt gjel­dan­de som po­li­ti­ka­rar og em­bets­menn. Einar Sverdrup (1895-1942), ein av dei mind­re kjen­de i slek­ta, kom til å hen­te sin ster­kas­te in­spi­ra­sjon frå po­lar­fors­ka­ren Otto Sverdrup. Den eld­re bro­ren Ha­rald Ul­rik Sverdrup fekk eit in­ter­na­sjo­nalt namn som pol­fa­rar og osea­no­graf. Ikkje å und­rast over at Einar Sverdrup òg ven­de seg mot nord.

På Spits­ber­gen fekk han bruk for all si ar­beids­kraft, stra­te­gis­ke kløkt og sitt på­gangs­mot, noko som kjem godt fram i Svein Sæt­hers bok «Kon­gen av Sval­bard». Her får Einar Sverdrup eit ver­dig og vel for­tent etter­mæle.

Sverdrup var ut­dan­na of­fi­ser og berg­verk­s­in­ge­ni­ør og had­de så­leis go­de føre­set­na­der for opp­gå­va som di­rek­tør for Sto­re Nors­ke Spits­ber­gen Kul­kom­pa­ni. Long­year­byen med sine gru­ver var ved star­ten av sis­te verds­kri­gen det ru­van­de livs­ver­ket hans.

Dei al­li­er­te fryk­ta at Tysk­land vil­le in­va­de­re Spits­ber­gen og sik­re seg herre­døme over gruve­drif­ta. Di­for blei det ved­te­ke å øy­de­leg­gje gru­ve­ne og eva­ku­ere det ves­le lo­kal­sam­fun­net. Einar Sver­dup kjem­pa inn­bitt imot av­gjer­da.

Spits­ber­gen var eit stra­te­gisk punkt for å for­sva­re krigs­for­sy­nings­ruta til Mur­mansk, og gru­ve­ne vil­le bli vik­ti­ge i opp­byg­gin­ga av lan­det etter kri­gen. Kam­pen var få­nyt­tes. I 1941 blei 800 men­nes­ke eva­ku­er­te frå Long­year­byen, hus­dyra drep­ne og gru­ve­ne her­ja.

Sæ­ter, ein av våre bes­te sak­prosa­for­fat­ta­rar, får fint fram den ener­gi­en og klok­ska­pen Sverdrup syn­te i den­ne si­tua­sjo­nen, og ikkje minst då han fekk over­tydd den nors­ke re­gje­rin­ga i Lon­don og etter kvart bri­ta­ne om at Spits­ber­gen måt­te ta­kast til­ba­ke frå tyska­ra­ne.

Han fekk or­ga­ni­sert ein eks­pe­di­sjon med 82 mann, men med fa­tal ut­gang. Han var ein av dei 14 som om­kom då tys­ke fly sen­ka eks­pe­di­sjons­ski­pet «Is­bjørn».

Sæ­ters bok sy­ner at endå ein Sverdrup har plass i vårt lands his­to­rie, ein sam­funns­byg­gjar og krigs­helt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.