Gud­mund Åk­re til min­ne

Faedrelandsvennen - - NÆRT - TARALD MYRUM, lei­ar i Val­le sen­ter­par­ti

●● Gud­mund Åk­re, tid­le­ga­re man­gårig ord­fø­rar i Val­le, døyd­de 19. juli, vel 79 år gamal. Grav­fer­da var i Val­le kyr­kje tors­dag 27. juli.

Han var ut­dan­na tann­læk­jar og vart til­sett som dis­trikts­tann­læk­jar og sei­na­re over­tann­læk­jar i Se­tes­dal med kon­tor­stad i Val­le då han fl­ut­te heim. Etter ei tur­bu­lent tid i te­nes­ta sik­ra han sta­bi­li­tet og kva­li­tet heilt til han gjekk av som pen­sjo­nist.

Han var ein svært sen­tral po­li­ti­kar i Val­le kom­mu­ne der han re­pre­sen­ter­te Sen­ter­par­ti­et. Han sat i kom­mune­sty­ret i fem pe­rio­dar og var ord­fø­rar i tre av dei, frå 1976 til og med 1987.

I tida Gud­mund Åk­re var ord­fø­rar var det ei stor ut­vik­ling i Øv­re Se­tes­dal som eit re­sul­tat av kraft­ut­byg­gin­ga­ne. Val­le kom­mu­ne vart ut­vik­la til ein mo­der­ne kom­mu­ne med go­de ser­vice­til­bod til inn­byg­gja­ra­ne og mo­der­ne in­fra­struk­tur. Un­der hans lei­ing fekk Val­le kom­mu­ne eit ten­leg og vel­fun­ge­ran­de ad­mi­ni­stra­sjons­sen­ter.

Han ar­beid­de og sterkt for at kraft­ut­byg­gings­kom­mu­na­ne skul­le få sin rett­mes­si­ge del av av­kast­nin­ga av kraft­inn­tek­te­ne. Han var ak­tiv i LVK- lands­sa­man­slut­nin­ga av vass­kraft­kom- mu­nar som vart ski­pa i 1977. Eit anna vik­tig steg i så måte var då han sa­man med m.a. fyl­kes­ord­fø­rar Kristian Sund­toft fekk ski­pe til Kon­se­sjons­kraft­fon­det for Aust-agder, no Kon­se­sjons­kraft IKS, som har ho­vud­sete i Val­le. Det­te har til­ført sto­re mid­lar til sam­funns- og næ­rings­ut­vik­ling.

El­les må me nem­ne Brok­keSule­skar­ve­gen som vart ei krev­jan­de sak med kost­nads­over­skri­din­gar og my­kje pro­blem i byg­gje­pe­rio­den. En­kel­te vil­le til og med stop­pe pro­sjek­tet, men der kan me i etter­tid tak­ke bå­de Gud­mund Åk­re og ord­fø­rar­kol­le­ga­en i Sir­dal, Sven Tjør­hom, som fekk gjen­nom pro­sjek­tet og stod rak­ryg­ga i stor­men då det bles som verst.

Det er med takk­semd me no ser at­ten­de på det om­fat­tan­de vir­ke Gud­mund had­de som til­lits­vald for Sen­ter­par­ti­et og folke­vald i Val­le kom­mu­ne. Han var ein res­surs­sterk per­son som val­de å bru­ke ev­ne­ne sine til bes­te for heim­kom­mu­nen og Se­tes­dals­re­gio­nen.

Gud­mund lika fy­sisk ak­ti­vi­tet og set­te stor pris på jakt og tu­rar i hei­ane. I tråd med det­te var hans sis­te yn­skje at han skul­le bli kre­mert og at oska etter han skul­le sprei­ast i Val­le veste­hei.

Me ly­ser fred over Gud­mund Åk­re sitt min­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.