Er ikkje Noreg eit kris­tent land?

Faedrelandsvennen - - MENING - SOLVEIG FIDJE, Kristiansand

Ap vil ha bort K-en i re­li­gions­fa­get i barne­sku­len.

●● Dei seier det blir inga end­ring i un­der­vis­nin­ga. Kvi­for vil dei då ha bort K-en? Er ikkje Nor­ge eit kris­tent land? Me må vere stol­te over vår krist­ne arv og kul­tur.

Grunn­la­get for bor­na blir lagt i barne­hage og barne­sku­le. Då eg gjekk på folke­sku­len ( ja- det er len­ge si­dan), var det ein time bi­bel­soge el­ler ka­te­kis­ma. And­re re­li­gio­ner lær­te me om i and­re ti­mar, kyr­kje­soge og ver­dens­his­to­rie.

Etter kvart er så my­kje end­ra. Etter fem lan­ge år med ok­ku­pa­sjon, kom fre­den i 1945. Ei gle­de, og takk til vår Gud. Folk strøym­de til kyr­kje og bede­hus med takk og sang for at me var eit fritt land igjen. Lan­det måt­te byg­ges opp att, men me var møy­som­me.

Min­nes 50–60-åra som noen ro­li­ge og gode år. Noreg er eit godt land å bu i. Fram­gang med man­ge go­der, og lan­det vårt er blitt eit vel­stands­land.

Men, er vel­stan­den blitt så stor at me har mind­re bruk for Gud og Je­sus? Kva mei­ner kyr­kja? NRK, kor sen­der dei et kris­tent pro­gram på tv? Spor­ten går føre alt anna på tv (med tre ka­na­ler).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.