Skrante­sju­ken og vill­rei­nen i Ho­vatn Aust

Faedrelandsvennen - - MENING - TORHILD AUSTAD, ko­or­di­na­tor for Ar­beids­grup­pa mot ut­byg­ging av Ho­vatn Aust

Ein ufat­te­leg tra­ge­die ut­spe­lar seg i des­se da­gar i Nord­fjel­la i om­rå­de som om­fat­tar 6 kom­mu­nar i både Bus­ke­rud, Sogn og Fjor­da­ne og Horda­land.

●● Over 2000 reins­dyr skal slak­tast for å hind­re at den smitt­sa­me skrante­sju­ken, som har vore på­vist på en­kel­te dyr, skal spreie seg. Det­te ut­gjer ca 10% av den to­ta­le vill­rein­stam­ma i Noreg. Ned­slak­tin­ga tek til i den­ne veka og va­rer til 31. ok­to­ber. Ein må gå ut ifrå at dei fag­le­ge vur­de­rin­ga­ne som ligg til grunn for det­te masse­slak­tet, er ret­te, og at til­ta­ket på sikt vil spa­re dyra for yt­ter­le­ga­re li­din­gar. Land­bruks­mi­nis­te­ren Jon Ge­org Da­le har ved flei­re høve gje­ve ut­trykk for at det­te er den vans­ke­le­gas­te av­gjer­da han til no har stått over­for. I Dags­revy­en 8. mai un­der­stre­ka han at det no blir vik­tig å byg­ge opp fris­ke reins­dyr­stam­mer i res­ten av lan­det.

Om­sy­net til vill­rei­nen har vore eit av dei ster­kas­te ar­gu­men­ta i kam­pen mot Ho­vatn Aust vind­kraft­verk. Støt­te for ar­gu­men­ta våre har vi fun­ne hos uli­ke fag­in­stan­sar, Hei­pla­nen, Lov om na­tur­mang­fald, Bern­kon­ven­sjo­nen og Kom­mune­pla­nen i Byg­land – utan at det­te så langt har på­ver­ka kon­se­sjons­ved­ta­ket i NVE.

Når no saka ligg til en­de­leg av­gjerd in­ne hos Olje- og energi­de­par­te­men­tet (OED), har vi tru på at det an­sva­ret både stat og kom­mu­ne har ut­trykt for å ta vare på Euro­pas sør­le­gas­te vill­rein­stam­me, blir tatt på det dju­pas­te al­vor. Det­te an­sva­ret bør kvi­le eks­tra tungt på av­gje­ran­de myn­dig­hei­ter når ein vur­de­rer kon­se­kven­sa­ne av den på­gå­an­de ned­slag­tin­ga som fyl­gje av skrante­sju­ken. Meir enn no­kon gong blir det vik­tig å leg­gje til ret­te for at dyra i Ho­vatn Aust-om­rå­det fram­leis skal få leve og ut­vik­le seg i sitt na­tur­lege ha­bi­tat og ha kal­vings­om­rå­da sine i fred.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.