Den nye sta­sjons­meis­te­ren på Ki­le

Faedrelandsvennen - - NYHETER -

Det byr­jar å ver­te eit to­leg bel si­dan det sis­te damp­lo­ko­mo­ti­vet tok seg ein vel­for­tent kvil att­med per­ron­gen på Ha­ege­land sta­sjon på Ki­le.

My­kje end­ra seg i den vid­gjet­ne sta­sjons­byen på slut­ten av før­re år­hund­re – og my­kje he end­ra seg i tida etter at Tor­hild Brans­dal vart ord­fø­rar i røyste­krin­sen.

EIT LEVANDE TIDSVITNE

Et­nis­ke ha­ege­dø­lar, dei att­le­van­de med klårt ho­vud og godt min­ne, kan fortele at i glans­da­ga­ne var det to dag­le­vare­for­ret­nin­ger på Ki­le. Her var det og ho­tell, sag­bruk, slak­te­ri, ba­ke­ri, tre­last­han­del og ben­sin­sta­sjon

I dag er ber­re min­na at­ten­de. Den gam­le sta­se­le­ge sta­sjons­byg­nin­gen speg­lar seg i vass­fla­ta på Kile­fjor­den. Eit levande tidsvitne om ei ikkje så alt­for fjern for­tid.

Tone Kile­dal Sva­land (36) tek i mot meg på «per­ron­gen» fram­føre Ha­ege­land sta­sjon. 170 me­ter øve hav­fla­ta, og 43,97 km frå Kris­tian­sand, i fyl­gje opp­slag på sta­sjo­nen.

Ei fei­an­de flott ha­ege­lands­jen­te, eit sprud­lan­de hu­mør, på­gangs­mot og livs­gle­de – og med­brakt lun­ka trakte­kaf­fe på ter­mos­flas­ka.

– Eg veit ei­gent­leg ikkje heilt kva pris­lap­pen vart til slutt, men i etter­tid he eg skjønt at me gjor­de ein knall­god han­del.

EL­LE­VIL­LE PRO­SJEKT Øystein Moi

● Øystein Moi star­tet nett­ste­det moi­sund.com i 2002. Han bru­ker nå sin lo­kal­kunn­skap fra ind­re byg­der til å la oss le­se­re bli kjent med men­nes­ker fra den­ne de­len av Ag­der.

Den­ne uka har Moi møtt Tone Kile­dal Sva­land

Låt­ten ljo­mar, og kan tru­leg høy­rast leng­re oppe i da­len – i na­er­lei­ken av fyl­kes­gren­sa. Ein til­fel­dig forbi­pas­se­ran­de hus­katt sø­kjer ly i det sto­re tun­tre­et. Det er ei ny tid på Ki­le. Ten­kjer hus­kat­ten.

– Man­nen min he ei na­er for­tid som eige­doms­mek­lar så eg hå­par in­der­leg at han he rek­na eit grann på det­ta.

Det var tid­leg på ny­året at Tone og kjaeras­ten, ekte­man­nen As­bjørn, fekk skjø­te på den gam­le, verne­ver­di­ge sta­sjons­byg­nin­gen. Tone kal­lar seg sjøl­ve for pro­sjekt­lei­ar, og blad­fy­ken vart raskt øve­tydd om at den­ne jen­ta så av­gjort he pla­na­ne kla­re. Ho­vu­det tyk­kjest vere stapp­fullt av gode ide­ar og el­le­vil­le pro­sjekt – og le­ka­men el­les kan knapt ven­te med å kome i gong.

No vil ho på ny ska­pe liv og røre på Ki­le. Sta­sjons­byg­nin­gen skal igjen ver­te sam­lings­plass for både fast­buan­de, veg­fa­ran­de og tu­ris­tar frå hei­le Euro­pa. Ein na­tur­leg stoppe­stad for hytte­fol­ket på veg til Fja­ele­stad, Brok­ke, Gau­te­stad el­ler Hov­den.

Til langt opp på 80-ta­let var sta­sjo­nen på Ki­le ein fast og na­tur­leg stoppe­stad for bus­sa­ne til Se­tes­dal Bil­ru­ter. Her kun­ne pis- se­treng­de se­tes­dø­lar få let­ta på tryk­ket – og dei kun­ne få på­fyll av både kaf­fe, kveite­bol­lar og mi­ne­ral­vatn.

Ein po­pu­la­er, og heilt naud­synt, stoppe­stad i sam­band med den strev­sa­me rei­sa mel­lom Val­le og byen.

Tone vil i lø­pet av vår­en, nes­te år, opne ein god gam­al­dags land­han­del i sta­sjons­byg­nin­gen på Ki­le. Ei lita mat­sto­ve med­rek­na. Her vil du tru­leg ikkje fin­ne smell­fei­te ham­bur­ga­rar, frityr­steik­te po­te­ter el­ler ur­ban snobbe­mat på mat­se­te­len. Her kan du i sta­den hand­le lo­ka­le, stuttreis­te rå­va­rer. Det al­ler bes­te ut­gangs­punk­tet når du sei­na­re på da­gen stend hei­me på kjøk­ke­net og skal røre i hop ei so­lid lad­ning med ekte norsk hus­manns­kost. Bonde­kost. Kjøtt­ka­ker og få­ri­kål.

KORTREIST AURE

Og du skal hel­ler ikkje sjå bort i frå at ei­men av ny­steikt, heime­baka stomp kan få både tyska­rar, hol­len­da­rar, ha­ege­dø­lar og venn­dø­ler til å sen­ke far­ten og stop­pe på per­ron­gen. På Ki­le.

Tone let augo kvi­le på den speil­blan­ke vass­fla­ta, på hi sida av riks­ve­gen. Haust­far­ga­ne speg­lar seg i Kile­fjor­den. Ei na­tur­per­le, og eit el­do­ra­do for både båt­folk og ihuga hobby­fis­ka­rar.

Eit utø­m­e­leg mat­fat, 30 me­ter frå steike­pan­na in­ne på sta­sjo­nen. Kortreist aure, el­ler skjeb­be, av al­ler bes­te slag.

Tone Kile­dal Sva­land er bu­sett i Kile­da­len, to-tre kilo­me­ter nord for sta­sjons­byen. Her bur ho i lag med As­bjørn og dei tre bor­na dei he laga i hop. Her he Tone budd hei­le sitt liv – og her vert ho ve­ran­de. Kja­er­lei­ken til heim­byg­da er sterk og urok­ke­leg.

Ei­gent­leg så er ho ut­dan­na fo­to­graf. La­ere­meis­ter var den vid­gjet­ne ås­dø­len og meis­ter­fo­to­gra­fen Pe­der Austrud. Eit kva­li­tets­stem­pel.

Hei­me i Kile­da­len he ho inn­reia eit mo­der­ne fo­to­stu­dio. Her tek ho mot kun­dar frå hei­le Sør­lan­det. Eit ar­beid ho tri­vast umå­te­leg godt med, men som no må fin­ne seg i å kome i and­re – el­ler tred­je – rek­kje. Opp­gra­de­ring, klar­gje­ring og drift av den nye land­han­de­len, vil nok take det mes­te av tid og kref­ter dei ko­man­de åra.

– Her skal det ver­te tri­ve­leg å svin­ge inn­om for eit fri­mi­nutt i kvar­da­gen. Her kan du nyte stil­la me­d­an auren va­ker i Kile­fjo­den – el­ler krul­lar seg i steike­pan­na in­ne på kjøk­ke­net. Her kan du ete heime­baka stomp, med smør frå Hod­ne – og med tyte­ba­er­sylt frå Enges­land. Her kan du hand­le stuttreis­te po­te­ter, øko­lo­gis­ke gul­rø­ter, mjølke­sjo­ko­la­de frå Freia, kjelde­vatn frå Vatne­straum – og egg frå fritt­gå­an­de hø­ner på Høversland.

TRU På DET GODE LI­VET

– Det­te he eg tru på. Det­te skal eg leve av i fram­ti­da, sei­er Tone.

Med eit sjel­dant godt hu­mør, med ekte livs­gle­de – og med ei urok­ke­leg tru på det gode li­vet på lands­byg­da, så er det li­ten tvil om at Tone vil luk­kast. Land­han­de­len på Ki­le vil raskt fin­ne sin na­tur­lege plass på noregs­kar­tet.

FOTO: ØYSTEIN MOI

Tone Kile­dal Sva­land (36) og man­nen As­bjørn har kjøpt den verne­ver­di­ge sta­sjons­byg­nin­gen på Ha­ege­land. Her he dei pla­nar om å lage ein sam­lings­plass for både fast­buan­de og fa­ran­de folk. Her blir det mat­sto­ve med kortreist hus­manns­kost.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.