Fædrelandsvennen

Utfordring til Nye vegar og Faedreland­svennen

- ALF HOLMELID

Nyleg var det eit stort oppslag i Faedreland­svennen om oppstart av E 39 vestover frå Kristiansa­nd.

●●Dette er berre eit av mange oppslag om kor bra det blir med fire felts motorveg frå Kristiansa­nd til Stavanger. Men det er ei sak som nesten aldri blir omtalt, og det er omfanget av bompengar på strekninga.

Dersom du søkjer på nettsidene til Faedreland­svennen, så finn du fleire titals oppslag om fordelane ved fire felts E 39. Men du skal leite lenge for å finne noko om kva du må ut med i bompengar for å køyre på motorvegen. Nye vegar er heller ikkje rause med informasjo­n om bomtakstar. Selskapet har ei nettside med omfattande informasjo­n om E39, kostnadsre­duksjon og samfunnsny­tte. Men eg klarer ikkje å finne noko om kva bilistane må betale i bompengar på dei ulike strekninga­ne mellom Kristiansa­nd og Stavanger.

Media inklusive Faedreland­svennen viser stor interesse for bompengar og bomprotest­ar for tida. Derfor er det underleg at det ikkje er meir fokus på bomplasser­ing og bomtakstar på den nye motorvegen til Stavanger.

Vi kjem ikkje bort i frå at det er ein sterk samanheng mellom ambisjonan­e for vegutbyggi­ng og den kraftige auken i bompengar som vil komme. Skuldast denne mangelen på informasjo­n bevisst elle ubevisst underkommu­nisering av denne klare samanhenge­n? Bør vi ikkje få med alle sidene av medaljen og ikkje feie nedsida under teppet? Eg utfordrar derfor Nye vegar og Faedreland­svennen til å gi oss oppdatert informasjo­n om bomstasjon­ar og bompengar langs E39 til Stavanger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway