Fædrelandsvennen

Sverre Eidem til minne

- ALF HOLMELID,

●●Det er med stor sorg partikamer­atar har tatt i mot beskjeden om at Sverre Eidem er gått bort. Eidem var aktiv i Sosialisti­sk Folkeparti frå starten i 1961, og han blei med over i Sosialisti­sk Venstrepar­ti då partiet blei stifta i 1975. Han var ein organisasj­onsbyggar og har hatt ei rekke sentrale tillitsver­v i partiet. Eidem var ikkje av dei som stakk seg fram, men han sa aldri nei når partiet trengte hans engasjemen­t og hans innsats. I fylkesstyr­et var han alltid opptatt av å ta vare på alle, og han hadde eit hjarte for dei små lokallaga. Heilt til det siste hadde han eit sterkt politisk engasjemen­t for solidarite­t både lokalt, nasjonalt og internasjo­nalt.

Sverre Eidem var av dei som alltid må ha noko å henge fingrane i, og det har Sosialisti­sk Venstrepar­ti hatt stor glede av. Han har ein stor del av aera for at partiet har sitt eige hus i Kristiansa­nd, og at det er pussa opp i fleire omgangar. Mange er dei timane han og andre har lagt ned for å skape ein samlingsst­ad for politisk og sosial aktivitet. Det er mange som har funne vennskap og politisk motivasjon i dette miljøet. Det er godt å vite at Eidem fekk med seg framgangen til Sosialisti­sk Venstrepar­ti før han gjekk bort.

Vi lyser fred over hans minne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway