Fædrelandsvennen

Nå har språkforsk­eren skrevet roman

Sylfest Lomheim (73) har skrive romanen «Andre samuelsbok». Den er eit spark til krimsjange­ren.

- TEKST: TORGEIR EIKELAND torgeir.eikeland@fvn.no

– Eg trur eg veit kva folk vil seie om dette. «No skal Sylfest vise at han kan skrive roman også». Men dette hadde eg ikkje gjort om eg ikkje hadde blitt utfordra for fire år sidan, seier Sylfest Lomheim.

Språkforsk­aren frå Hafslo og UIA har i ein alder av 73 år skrive sin første roman, og tittelen er «Andre samuelsbok».

Boka les han no opp på Kristiansa­nd bibliotek tre laurdagar på rad. Til den første lesinga sist laurdag kom rundt 70 menneske, og den neste er laurdag 17. november.

– Det gjekk ganske bra. Folk var med, og dei lo der eg hadde håpt dei skulle le, seier Lomheim.

INGEN KONTRAKT

Det var redaktør Finn Totland frå forlaget Vigmostad og Bjørke som utfordra han for fire år sidan.

– Eg tenkte det var ein god idé: At ein så profilert språkforsk­ar skreiv ein krim, seier Totland til Faedreland­svennen. Han har sidan skifta jobb to gonger, og er no redaksjons­sjef i Cappelen Damm.

– Ein vestlendin­g kan ikkje la ei slik utfordring ligge, og eg er glad eg gjorde det. Det har vore utviklande, seier Lomheim.

Han står enno utan kontrakt om utgjeving av boka. Dermed er opplesinga­ne på biblioteke­t førebels den einaste måten å finne ut kva dette er for noko.

– Er denne opplesinga ei marknadsfø­ring?

– Ja, det kan du seie. Eg vil jo gjere det kjent at eg har ei bok, og ingen har fridd enno, seier Lomheim.

Den opphavlege utfordrare­n Finn Totland jobbar i dag som redaksjons­sjef i Cappelen Damm utan noko ansvar for norsk skjønnlitt­eratur

– Eg har ikkje sett den ferdige boka, men tanken var jo i utgangspun­ktet å gje ut dette, seier Totland.

HAR LESE VERRE

Lomheim sjølv har god tru på at nokon etter kvart kan kome til å gje ut «Andre samuelsbok»:

– Eg kan seie at eg har lese dårlegare bøker enn denne. Det som gjer litteratur til litteratur er ikkje handlinga i seg sjølv, men måten du skriv det på. Det hjelper ikkje å koke i hop ei dramatisk historie om du ikkje kan skrive ho godt. Då er det i mine auge ikkje litteratur, seier Lomheim.

SPARK MOT KRIM

Hovudperso­nen i «Andre samuelsbok» er psykiatare­n Samuel frå Sogndal, og boka handlar om livet hans frå januar 2013 til desember 2013. Han blir forelska i ei kvinne, han tek ho med til vakre Sogndal om sommaren og det endar mørkt i Oslo på seinhauste­n. Ikkje uventa har psykiatare­n ei viss interesse for språk.

– Han er ingen helt, for å seie det slik. Dette er ikkje ein krimroman, men meir «krim light». Rett nok skjer det noko kriminelt i boka, men det er ikkje det ho dreiar seg om. Krimbøker kan vere velskrivne og godt fortalt, og dei ender alltid med at saka vert løyst og brikkene fell på plass. Men det er ikkje slik livet er, og eg vil skrive om livet. Det er ikkje gale å sjå «Andre samuelsbok» som eit spark mot krimsjange­ren. Det lyt dei tåle, for dei tener jammen godt med pengar óg, seier Lomheim.

KONG DAVID

Om boka er eit spark mot krimsjange­ren er ho samstundes eit nikk til Bibelen som Lomheim har arbeidd med å omsetje.

– Du finn ein del intertekst­ualitet i romanen, der setningar frå Bibelens «Andre samuelsbok» er lagt inn. Hovudperso­nen der er kong David, og også han forelskar seg, seier Lomheim.

INGEN KORREKTUR

Han har brukt dei to siste åra på å korte ned manus frå 300 til 150 sider, og no byrjar han å bli rett nøgd med resultatet.

– Kven har lese korrektur? – Hehe. Ingen, seier mannen som er mest kjend for å rette på andre sine språkfeil.

– Eg finn enno feil i manus, og eg trur ikkje det skal vere mange igjen når det er heilt ferdig. Men ein blir fort blind for si eiga tekst, og eg har hatt hjelp av andre som har peikt på kva dei meiner kan strykast. Du veit: Det fullkomne er ikkje jordisk, seier han.

 ??  ?? Sylfest Lomheim
Sylfest Lomheim
 ?? FOTO: KJARTAN BJELLAND ?? Sylfest Lomheim meiner han har lese dårlegare bøker enn den han sjølv har skrive.
FOTO: KJARTAN BJELLAND Sylfest Lomheim meiner han har lese dårlegare bøker enn den han sjølv har skrive.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway