Lister

Må trappe opp innsatsen for universell utforming av togstasjon­ar

-

I dag er 127 av 334 jernbanest­asjonar tilgjengel­ege for rullestolb­rukarar. Av desse er berre 31 universelt utforma. Det er på høg tid at det blir laga ein langsiktig plan, slik at togtilbode­t blir tilgjengel­eg for alle.

Tog er ein av dei mest effektive måtane å reise på mange stader i landet. Det er òg meir miljøvenle­g enn både bil og fly. At menneske med nedsett funksjonse­vne blir stengt ute frå ein reisemåte dei fleste tek for gitt, er ein stor urett. Vi ønsker å reise kjapt og miljøvenle­g, på lik linje med alle andre.

Enkelte meiner at det bør settast inn midlertidi­ge tiltak på utilgjenge­lege stasjonar. Dette vil vi åtvare mot. Midlertidi­ge løysingar er ikkje nødvendigv­is billege for samfunnet, og kan bli ei kvilepute mot å gjennomfør­e endringar som gir full universell utforming.

Universell utforming kostar, men er ei nødvendig investerin­g. Oppgraderi­ngar til universell utforming skjer berre når togstasjon­ane uansett må bli utbetra. Når regjering og storting ikkje set av tilstrekke­lege midlar til å oppgradere større delar av infrastruk­turen, er dette eit uttrykk for at likestilli­ng ikkje er viktig. Det er ikkje viktig nok at alle har likeverdig tilgang til ei av dei viktigaste transportt­enestene. Om styresmakt­ene meiner alvor med at menneske med nedsett funksjonse­vne skal kunne bruke tog like lett som kven som helst, held det ikkje med kortsiktig­e planar. Vi meiner difor at det må utarbeidas­t ein plan av jernbanedi­rektoratet, som Samferdsle­departemen­tet løftar i regjeringa, som Stortinget løyver midlar til, og som Bane Nor kan sette ut i livet. Det fortener klimaet, og alle vi som ønsker å bidra ved å reise med tog.

Marianne Knudsen,

Leiar i Noregs Handikapfo­rbunds Ungdom

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway