Mono

Drø­set

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

Han had­de be­gynt å leva eit liv i mono. Av alt som blei sagt, fekk han bare med seg halv­par­ten. Om det ver­ke­leg stem­mer at alle sa­ker har to si­der, fekk han bare med seg den eine. Han had­de blitt ein ein­si­dig mann.

Han had­de gjort som ho på apo­te­ket sa – og lest bruks­an­vi­sin­ga. Han had­de spru­ta mid­de­let inn i øyret, lagt seg til i so­fa­en, sett på tv side­lengs, ikkje høyrt sær­leg, mens ku­ren i øyre­gan­ga­ne fekk vir­ka. Så had­de han fylt den ves­le bal­lon­gen med lun­ka vatn og kjørt run­de på run­de med spru­ting. Men han var fram­leis like døv på høg­re øyre. Prop­pen vil­le ikkje ut. Ikkje ein gong etter å ha hatt mid­de­let i øyret over nat­ta.

Han gjekk på jobb som van­leg. Såg mun­nar røra seg. Høyr­de ek­ko­et av sam­ta­lar og be­skje­dar. Nik­ka, smil­te sikk­sakk­smi­let sitt, smatt inn eit «ja» og eit «ha», sen­de av gar­de ein og an­nan re­plikk, stu­der­te an­sik­ta på kol­le­ge­ne for å fin­na ut om han tref­te sånn no­ko­lun­de. For han viss­te ikkje. Han var ein mann stengt in­ne i sitt eige ho­vud, ein fisk i eit akva­ri­um, eit ve­sen som bare fekk med seg ei brum­le­te mum­ling frå om­ver­da.

På tys­dags­quizen ham­na han ytst ved bor­det. Han høyr­de bare halv­par­ten av spørs­må­la, svar­te bare halv­vegs rett, lo av halv­par­ten av vit­sa­ne. Sånn er li­vet for ein mann i ein boks.

Vel hei­me fekk han Hu sjølv til å hjel­pa han med det bå­de ho på apo­te­ket og sym­pa­ti­se­ran­de kol­le­ga­er had­de sagt at han måt­te gje­ra, om alle re­me­di­um ikkje hjelp­te: Han måt­te leg­gja seg sjølv i olje.

Det var nes­ten litt ko­se­leg då ho fyl­te øyre­ka­na­len hans med lun­ka oli­ven­olje. Han kjen­de seg med eitt litt ma­ri­nert.

Han stap­pa i ein bom­ulls­dott og gjekk til sengs.

Nes­te mor­gon var det ut med bom­ul­la, fram med spru­te­bal­lon­gen og fullt trykk. Eu­re­ka! Si­dan, då han at­ter tok fatt på eit liv i ste­reo, kun­ne han ten­kja til­ba­ke på da­ga­ne i mono med ein viss nos­tal­gi. Beatles spel­te, trass alt, inn all mu­sik­ken sin slik. I mono.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.