På Stor­haug

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - BIR­GIT­TE FLOTE

ser på des­se også. – Dei fles­te trivst vel­dig godt på Stor­haug. Folk kjen­ner kvar­and­re godt her. Det har jo vore ut­ford­rin­gar i by­de­len, men kom­mu­nen gjer ein god jobb med det­te, sei­er han.

At Stor­haug er by­de­len som kjem dår­le­gast ut i leve­kårs­un­der­sø­kin­gar, er ikkje nytt. Men kom­mu­nen sin nye gjen­nom­gang ut­tryk­ker be­kym­ring for at skil­na­de­ne mel­lom by­de­la­ne har auka enda meir på en­kel­te om­rå­de.

Me­dan 9,3 pro­sent av alle barn og un­ge i Stav­an­ger vaks opp i fat­ti­ge fa­mi­li­er i 2015, gjaldt det­te 13 pro­sent på Stor­haug. Dess­utan er det hø­ga­re an­del som er lite ak­ti­ve og fore­ven­ta leve­al­der er lå­ga­re enn i and­re by­de­lar.

Bu­stad­blokk og små hus

Me­dan det i Ei­ga­nes og på Vå­land i stør­re grad blir bygd hus, har man­ge blok­ker ham­na på Stor­haug. Og husa som er der er i sto­re de­ler av by­de­len små. I rap­por­ten skriv kom­mu­nen at løy­sin­ga del­vis ligg i å byg­ge meir va­riert.

– Vi ser at bu­stad­struk­tu­ren kan­skje har blitt for ein­si­dig i en­kel­te om­rå­de. Det ide­el­le er ein miks, slik at vi får sta­bi­li­tet og folk får be­tre til­høyrs­le. Stav­an­ger har ald­ri hatt aust­vest­skil­na­de­ne som til dø­mes er i Oslo, men no har vi li­ke­vel kome litt skeivt ut, sei­er råd­gje­var Han­ne Nav­dal Vat­na­land i kom­mu­nen.

Om­rå­det har dess­utan ein stor an­del kom­mu­na­le bu­sta­der, noko kom­mu­nen mei­ner for­ster­ker ut­ford­rin­ga­ne.

– Vi ser på mog­leg­hei­ter for å tyn­ne ut ta­let på kom­mu­na­le bu­sta­der i en­kel­te by­de­lar, men det be­tyr sam­ti­dig at vi må kjø­pe opp til­sva­ran­de på and­re sta­der. Det­te hand­lar jo også om pris, men no har vi blitt ty­de­le­ga­re med tan­ke på kor man­ge vi kjø­per på same sta­den.

Flyt­tar når bor­na kjem

Leia­ren i be­buar­for­enin­ga sit på ein benk ved ein li­ten, grøn flekk. To ung­dom­mar slap­par av i sola like ved. Kan­skje stu­de­rer dei på UiS. Det brin­ger i alle fall tan­ka­ne til stu­die­tida.

– Eg bud­de sjølv på Stor­haug då eg stu­der­te. At det er man­ge stu­den­tar her er ikkje ne­ga­tivt i seg sjølv, men i sta­ti­stik­ken bi­dreg det jo til å dan­ne eit bi­le­te av lav ut­dan­ning og lav inn­tekt, sei­er Haa­land.

– Man­ge flyt­tar når dei får un­gar for­di det blir for lite plass. Ein god del av dei som bur her er folk over 50 som ikkje len­ger treng så god plass og øns­ker å bu sen­tralt. Er det eine­bu­stad du vil ha, flyt­ter du gjer­ne til Gau­sel, sei­er Haa­land.

By­de­len er va­riert. No­k­re hund­re me­ter leng­re vek­ke er husa stør­re. No­k­re hund­re me­ter i mot­sett ret­ning finn du blok­ke­ne. På ein plen står det ei lita, grøn cam­ping­vogn. Frå den­ne for­sø­ker kom­mu­nen å kome i kon­takt med be­bua­ra­ne. Vog­na kom med leve­kårs­løf­tet som vart sett i gang på Stor­haug i 2014, eit løft som rom­mer alt frå å job­be for å fan­ge opp lav­inn­tekts­fa­mi­lie­ne tid­le­ga­re til plan­ting av tre.

– Vi skul­le gjer­ne skul­le hatt eit stør­re bud­sjett og for­sø­ker å skaf­fe stat­le­ge mid­ler til det­te, sei­er Nav­dal Vat­na­land. I år er det sett av fi­re mil­lio­nar di­rek­te til pro­sjek­tet. I til­legg kjem mid­ler som in­di­rek­te drypp på det, som år­le­ge fem mil­lio­nar til helse­frem­man­de og føre­byg­gan­de tiltak.

FOTO: CA­RI­NA JO­HAN­SEN

Fred­rick Haa­land, lei­ar i Øv­re Blå­sen­borg be­boer­for­ening på Stor­haug, kjen­ner seg ald­ri heilt att i rap­por­ta­ne der by­de­len ham­nar i bot­nen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.