Ivan Wal­ter Mæ­land 100 år

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

Ivan Wal­ter Mæ­land, Et­ne, er 100 år 20. juni.

Mæ­land blei fødd i Stavanger. I ung­dom­men dreiv han sin ei­gen verk­stad. Sei­na­re job­ba han med tun­nel­ar­beid, som skyte­bas og verk­stad­lei­ar på uli­ke an­legg. På slut­ten av yr­kes­kar­rie­ren had­de han fast ar­beid ved Ham­re AS i Et­ne, der han mel­lom an­na job­ba med smi­jern.

Før and­re verds­krig had­de han pla­nar om å star­ta pipe­fab­rikk for ei pipe han had­de fun­ne opp og tatt pa­tent på, men krig og dår­le­ge ti­der set­te ein stop­par for pla­na­ne. Verk­stad­byg­nin­gen byg­de han med eig­ne hen­der og nyt­ta den sei­na­re som hobby­verk­stad der han laga ma­ski­ner og ar­beid­de med smi­jern fram til han var 95 år. På sine gam­le da­gar har han tatt opp igjen sjakk som hobby, og han set stor pris på eit slag sjakk i kvar­da­gen. Han har all­tid vore sam­funns­in­ter­es­sert, po­li­tisk en­ga­sjert og hatt in­ter­es­se for tek­nikk og tek­nis­ke løy­sin­gar.

Då han var to år gamal, kom han til Me­land i Et­ne og her blei han buan­de heilt til fyl­te 99 år. Ju­bi­lan­ten bur i dag på sjuke­hei­men i Et­ne. Han er enke­mann og har ei dot­ter. Da­gen vert fei­ra på Sto­vo i Et­ne. (NTB)

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.