Hev ikkje sperre­gren­sa!

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

VALORDNING: I da­ga­ne etter mån­da­gens val har det vore my­kje dis­ku­sjon om sperre­gren­sa og ut­jam­nings­man­da­ta.

Eit re­gje­rings­opp­nemnd ut­val skal laga fram­legg til ny val­lov og vur­de­ra end­rin­gar i den nors­ke val­ord­nin­ga in­nan ut­gan­gen av 2019. Ut­va­let har sitt førs­te møte 16. ok­to­ber. Ut­vals­leia­ren, lag­dom­mar Ør­nulf Røhne­ba­ek, sei­er til Dags­avi­sen ons­dag at han opp­fat­tar man­da­tet som sva­ert vidt, in­klu­dert å sjå naera­re på sperre­gren­sa.

Frams­tegs­par­ti­ets lands­møte i vår pro­gram­fes­ta å heva sperre­gren­sa til 5 el­ler 6 pro­sent. Det vil til dø­mes ram­ma Ven­st­re og KrF hardt. Men også ef­fek­tivt blokke­ra for ut­jam­nings­man­dat til Raudt el­ler Miljø­par­ti­et Dei Grø­ne. Ir­ri­ta­sjo­nen over dei så­kal­la mikro­par­tia har vore sa­er­leg stor i lan­dets tred­je størs­te par­ti, Frp, som mån­dag nådde drygt 15 pro­sent opp­slut­ning hos fol­ket.

Det nors­ke val­sys­te­met er ikkje per­fekt. Ver­das va­ri­an­tar av val er man­ge. Ingen kan sei­ast å ve­ra full­kom­ne. Nor­ge har så­kal­la for­holds­tal­val, der man­da­ta til par­tia speg­lar stemme­ta­let i val. Det­te gjer det en­kla­re for meir enn to par­ti å opp­nå plass i na­sjo­nal­for­sam­lin­ga. Men sperre­gren­sa på 4 pro­sent og de­lings­me­to­den mot­ver­kar den­ne tenden­sen og fa­vo­ri­se­rer alle­reie stør­re par­ti, sam­stun­des som det skal ve­ra en­kla­re å opp­nå ei sty­rings­dyk­tig re­gje­ring.

Sperre­gren­sa i uli­ke land va­rie­rer frå 10 pro­sent i Tyr­kia til 2 pro­sent i Dan­mark og 0 pro­sent i Ne­der­land. Stor­bri­tan­nia og USA har til sa­man­lik­ning fleir­tals­val, der den som får fleir­tal vinn alle man­da­ta i val­kret­sen. Di­for er beg­ge na­sjo­na­ne i prak­sis to­parti­sta­tar.

Sperre­gren­sa gjer at par­ti med un­der 4 pro­sent på lands­ba­sis ikkje får no­kon av dei 19 ut­jam­nings­man­da­ta på Stor­tin­get. Det­te får store kon­se­kven­sar, som mån­da­gens val vis­te. Ek­sem­pel­vis fekk SV 175.000 røys­ter i årets val og nådde 11 man­dat. Ven­st­re og KrF fekk vek­sel­vis 122.000 og 127.000 stem­mer og fekk åtte man­dat kvar. Raudt og MDG har 70.000 stem­mer og 94.000 stem­mer, sam­la rett i hae­la­ne på SV, men fekk ber­re eitt man­dat kvar.

Me er gla­de for ut­va­lets ar­beid. Val­lo­ven kan sjølv­sagt per­fek­sjo­ne­rast meir. Dei raud-grø­ne fekk i sum 11.000 røys­ter flei­re på mån­dag enn bor­gar­leg blokk. Slik bor­gar­leg blokk fekk knapt 50.000 stem­mer flei­re enn dei raud-grø­ne i 2009, og likevel tap­te man­dat­kamp og re­gje­rings­makt. Det­te er likevel ein ri­si­ko me må kun­ne leva med, som eit kom­pro­miss mel­lom rett­vis re­pre­sen­ta­sjon og om­sy­net til å kun­ne sty­ra lan­det.

Nors­ke val har vist gong på gong at fol­ket vil ha eit farge­rikt fel­les­skap på Stor­tin­get. Mindre­tals­re­gje­rin­gar, med unn­tak av dei åtte åra med raud-grønt sty­re, har meir vore re­ge­len enn unn­ta­ket i Nor­ge dei sis­te ti-åra. Dei har likevel vore fullt ut sty­rings­dyk­ti­ge, og mak­ta har helst gått via små sen­trums­par­ti.

Å heva sperre­gren­sa vil ve­ra ef­fek­tivt å blokke­ra ein stor del av fol­kets røyst – og ve­ra eit grunn­leg­gan­de sva­ert auto­ri­ta­ert til­tak.

Å heva sperre­gren­sa vil ve­ra eit grunn­leg­gan­de sva­ert auto­ri­ta­ert til­tak.

VIDAR RUUD, SCANPIX

Frp-lei­ar Siv Jen­sen, Sp-lei­ar Tryg­ve Slags­vold Ve­dum og KrF-lei­ar Knut Arild Hareide på parti­leiar­de­batt tys­dag etter va­let. Den eine av dei tre vil­le ha vor­te hardt ram­ma av Frp-for­sla­get om å heva sperre­gren­sa til 5 el­ler 6 pro­sent.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.