Ap i sjølv­grans­king etter kata­strofe­val

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Birgitte Flo­te birgitte.flo­te@af­ten­bla­det.no

VAL: Ar­bei­der­par­ti­et lei­tar etter seg sjølv etter kata­strofe­val. – Vi må bli ty­de­le­ga­re, mei­ner toppo­li­ti­ka­ra­ne, men er ikkje heilt sam­de i ret­nin­ga.

På lands­ba­sis fekk Jonas Gahr Stø­re og Ap 27,4 pro­sent av stem­me­ne. Det gjer va­let til det dår­le­gas­te på 16 år, og det dår­le­gas­te va­let dei har hatt som op­po­si­sjons­par­ti på over 90 år.

–Vi for­tal­de ei for­tel­jing som folk ikkje kjen­ner seg att i. Å snakke om ar­beids­løy­se har nok meir for seg her enn i res­ten av lan­det. Bod­ska­pen vår druk­na dess­utan i mei­nings­må­lin­gar og hard­kjø­ret i Oslo mot ein lei­ar med my­kje pen­gar, sei­er St­an­ley Wi­rak, lei­ar i Ro­ga­land Ap og ord­fø­rar i Sand­nes.

Han mei­ner par­ti­et fam­na alt for breitt ved å opne får både Ven­st­re og KrF.

– Vi skal fam­ne breitt, men drar vi det for langt blir det uklart kva vi vil. Vi må stå ty­de­leg på venstre­sida. Stem­me­ne lakk til dei som var ty­de­le­ge, nem­leg SV og Sp.

Kri­tisk til frie­ri

Der får han støt­te av Øystein Lang­holm Hansen, som blir par­ti­ets ny­kom­ling på Stor­tin­get.

–Flør­ten med Ven­st­re og KrF har nep­pe bi­dratt po­si­tivt. Tvert imot trur eg det har jaga stem­mer til SV og Raudt. Eg mei­ner Ro­ga­land de­mon­stre­rer det­te for­di si­tua­sjo­nen var mot­sett her. Her ham­na SV un­der sperre­gren­sa sam­ti­dig som fyl­ket er lan­dets beste for Ap.

SV gjekk på lands­ba­sis fram med 1,9 pro­sent frå for­ri­ge val, me­d­an Raudt gjekk fram med 1,3 pro­sent og får for førs­te gang eit man­dat på Stor­tin­get. I Ro­ga­land er fram­gan­gen mind­re, med 0,7 pro­sent for beg­ge.

I Ro­ga­land fekk Ap 22,4 pro­sent. I flei­re fyl­ke får par­ti­et stør­re pro­sent­an­del av stem­me­ne, men til­bake­gan­gen frå for­ri­ge Stor­tings­val er minst i Ro­ga­land. Også her går dei til­ba­ke, men ber­re med 0,2 pro­sent.

Står bak Stø­re Stor­tings­re­pre­sen­tant He­ge Hauke­land Lia­dal mei­ner tvert imot at dei bør gå enda breia­re ut.

– Høg­re og Frp bør vere dei ein­as­te vi sei­er ty­de­leg nei til. Vi skal vere lan­dets størs­te par­ti og då må vi også evne å sam­ar­bei­de med par­ti som ikkje lik­nar oss. Det som var krev­jan­de den­ne gon­gen, var at Raudt og MDG stil­te så eks­tremt har­de krav og då kun­ne vi vans­ke­leg gje­re an­na enn å luk­ke dø­ra.

– I val­kam­pen har Frp vore i fri ga­lopp sam­ti­dig som dei fø­rer ein langt meir an­svar­leg po­li­tikk i re­gje­ring. Dei har to and­let og det var vi ikkje godt nok føre­budd på. Sam­ti­dig har vi vore uty­de­le­ge. Der vi bur­de snak­ka om å auke vel­fer­da, har vi snak­ka om å auke skat­tar. Vi har ikkje vore kon­kre­te på kva vi vil.

Si­dan val­nat­ta har man­ge spe­ku­lert i om Jonas Gahr Stø­re si rol­le som lei­ar heng i ein tynn tråd.

–Han er den frems­te og ster­kas­te leia­ren, både på gode og dår­le­ge da­gar. In­ternt i par­ti­et er det ikkje dis­ku­sjon om det­te, sei­er Lia­dal.

Wi­rak på side­lin­ja

– Stø­re sin po­si­sjon som lei­ar er ikkje det vi dis­ku­te­rer no. Vi må alle ta kri­tikk for at det gjekk slik, det har ikkje med lei­in­ga å gje­re. Det ein­as­te som er heilt sik­kert no, er at vi kjem til­ba­ke, sei­er Wi­rak.

Sjølv har Wi­rak, som til van­leg er gans­ke syn­leg i po­li­tik­ken, stått på side­lin­ja gjen­nom hei­le val­kam­pen.

–Det er heilt be­visst. Mi rol­le har vore ad­mi­ni­stra­tiv, og slik må det også vere. Det er stor­tings­re­pre­sen­tan­ta­ne ein skal fron­te i val­kam­pen, sei­er han.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.