I sikk­sakk mot den nye or­den

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

SAK­PRO­SA: Ei per­son­leg his­to­rie om men­nes­ka som skap­te eit glo­balt øko­no­misk sys­tem.

og som på 1930-ta­let had­de hev­da at ak­tiv stat­leg sty­ring og penge­bruk var nød­ven­dig for å hind­ra kri­se og kon­flikt. I 1944 stod han fram som pro­fe­tisk. Tida var in­ne til nye og ann­leis grep.

Sa­man med Key­nes reis­te eit kob­bel bri­tis­ke øko­no­mar og by­rå­kra­tar med høgst uli­ke in­ter­es­ser dei skul­le pas­sa på. I til­legg var ei rek­kje av dei al­li­er­te lan­da re­pre­sen­ter­te. Nor­ge stil­te med øko­nomi­pro­fes­sor, his­to­ri­kar og ro­man­for­fat­tar Wilhelm Keil­hau, ein ei­gen­rå­dig per­son som ikkje all­tid tok det så nøye med å føl­gja in­struk­sa­ne sine.

Sys­tem for sta­bi­li­tet

Vel fram­me kon­stru­er­te dei Bretton Woods-sys­te­met, som skap­te grunn­lag for ei rask gjen­opp­byg­ging og vekst i verds­øko­no­mi­en i 25 år etter kri­gen. Veks­lings­kur­sa­ne var fas­te. I skule­bø­ke­ne mi­ne på 1960-ta­let stod det at pun­det var verd 20 kro­ner og dol­la­ren 7,14. Ein verds­bank og eit in­ter­na­sjo­nalt penge­fond vart opp­ret­ta for å sik­ra nød­ven­di­ge lån til land som trong det. I fø­rar­se­tet sat det ny-all­mek­ti­ge USA.

Det er men­nes­ka bak det­te sys­te­met Ma­ria Berg Reinertsen, øko­nomi­jour­na­list i Mor­gen­bla­det, skild­rar i boka «Rei­sen til Bretton Woods». Kven var dei, kva tenk­te dei?

Som så ofte i in­ter­na­sjo­nalt sam­ar­beid vart re­sul­ta­tet til i skje­rings­punk­tet mel­lom stor­tenk­te vi­sjo­nar og små­skor­ne sa­er­in­ter­es­ser. Når ein les Rei­nert­sens fram­stil­ling av dei for­vir­ran­de og spri­kan­de dis­ku­sjo­na­ne på «Que­en Ma­ry», der Key­nes av ein del­ta­kar fekk at­tes­ten «ver­das ver­ste møte­lei­ar», er det for­un­der­leg at sys­te­met heldt så len­ge som det gjor­de.

Først i 1971, un­der press for å fi­nan­sie­ra Viet­nam-kri­gen, gjekk pre­si­dent Nixon bort frå gull­stan­dar­den og der­med dei fas­te va­luta­kur­sa­ne. Så kom Thatch­er og Rea­gans tid, der Verds­ban­ken og Penge­fon­det vart brekk­sten­ger for ny­li­be­ra­le re­for­mer. Vil­le du ha pen­gar, måt­te du pri­va­ti­sera og la mark­na­den sty­ra. Den nye «Washing­ton-kon­sen­su­sen» var ikkje akku­rat slik gam­le Key­nes had­de tenkt det.

Fi­nans­kri­se og sex­sta­ti­stikk Som «Que­en Ma­ry» går også Ma­ria Berg Reinertsen i sikk­sakk. Ho hop­par fram og til­ba­ke i tid og rom, og dreg lin­jer frå før­krigs­øko­no­mi­en til våre da­gars fi­nans­kri­se og Hel­las-kri­se. Fram­stil­lin­ga er kryd­ra med anek­do­tar og ka­rak­te­ris­tik­kar i nåde­laus bri­tisk stil, di­gre­sjo­nar og ei­gen­opp­lev­de apro­pos frå dag­leg­li­vet. Det sto­re kjelde­ma­te­ria­let vis­te seg også å skjula pi­kan­te de­tal­jar som Key­nes’ pri­va­te sex­sta­ti­stikk. Øko­no­men var ty­de­leg­vis øko­nom til pe­nis­spis­sen.

Flei­re gon­ger un­der le­sin­ga tenk­te eg at her ro­tar for­fat­ta­ren seg inn i eit vill­nis ho ikkje finn ve­gen ut av. Men ho duk­kar opp att kvar gong, og fi­ra­ren på ter­nin­gen blir igjen til ein fem­mar. En­kel les­nad kan for­tel­jin­ga om ein in­ter­na­sjo­nal sam­funns­øko­no­misk av­tale­pro­sess ald­ri bli, men Ma­ria Berg Reinertsen gjer ein im­po­ne­ran­de jobb for folke­opp­lys­ning og histo­risk inn­sikt.

At ho opp­gir fød­sels­året til John May­nard Key­nes til 1833 i sta­den for 1883, og kon­se­kvent om­ta­lar Stefan Zweig som Schweig, vel eg å gi for­la­get minst halve skul­da for.

John May­nard Key­nes, en av ver­das sto­re øko­no­mar, her fo­to­gra­fert i hei­men til for­fat­tar Vir­gi­nia Woolf.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.