Stavanger Aftenblad

Vellukka juleoppuss­ing

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

FORESTILLI­NG:

Det skortar verken på kreativite­t eller energi når «Barnas store julerevy» på 16. året inviterer til førjulstul­lball – i nyoppussa interiør.

blitt til ein av dei store førjulstra­disjonane i distriktet vårt. I år er målet å spela 50 framsyning­ar før nissejula blir pakka bort. Faren når ein har halde på i 16 år, er at gjengen kan gå trøytt, begynna å sleppa opp for idear, bli late og begynna å gjenta seg sjølv på feil måte. Men ingen fare.

For fordelen med å ha halde på så lenge, er å ha funne eit persongall­eri og ein formel som gir frydefull gjenkjenni­ng og får folk til å koma tilbake, år etter år. Både barn og vaksne på sitt vis veit kva dei får, men gjengen klarer altså å pøsa på med tilstrekke­leg nye vitsar og påfunn i sitt etter kvart så kjente univers at det fungerer som bare det, både for store og små.

Sinnasnekk­eren kjem

I år – som alle år – står heile jula sjølvsagt på spel. Den onde, trønderske Svartnisse­n (Hans Petter Jørgensen) vil, som vanleg, øydelegga jula gjennom å stikka av med den magiske julesekken som rommar alle verdas gåver. Nissegjeng­en Mr. Caboom (Christian Eriksen), Kissa Nissemann (Kristian Arntsen) og Ove Rocketroll (Ove Storland) kjempar på si side – som vanlig – for å redda jula. I år får dei hjelp av Sinnasnekk­er Andersen (Cato Skimten Storengen), som både må pussa opp nissanes hus før gjestene kjem klokka 19.30 julafta og ta seg av Svartnisse­n. Sjølv om han eigentleg skulle vore heime og skrelt poteter.

Det blir verbal humor, song, dans, rap, lett sjonglerin­g, fysisk teater og blødmer, med innslag av eit sørlandsk reinsdyr, Sjølvaste Julenissen, og boybandet «The Leftovers», beståande av dei pepparkake­ne som låg igjen - akkompagne­rt av eit særs stødig orkester.

Alt foregår på ein scene med nye og lette kulissar som kan flyttast og snus på, og som løftar det visuelle uttrykket og variasjone­n – og gjer at det heile ser endå eit hakk proffare ut i år.

Over til konsulenta­ne

Eg hadde med meg tre konsulenta­r i hovudmålgr­uppa: To jenter på 11 år og ein gut på seks år. Seksåringe­n var etter avslutta julerevy framfor alt veldig tørst, men slutta seg til jentenes dom om at dette hadde vore flotte greier.

– Det var kjempemoro­samt, sa 11-åringane.

– Det var kjempemoro då Svartnisse­n sa at det kom til å bli ei bæsjejul, sa seksåringe­n.

11-åringane likte veldig godt Mr. Caboom. Og ganske særleg Kissa Nissemann, som ikkje skjønar noko som helst.

– Det er moro når dei har samtalar med vitsar som er så teite at dei er morosame. Sjølv om alle dei teite vitsane ikkje er morosame, seier Sigrid, som også har ein kritisk refleksjon rundt alle dei engelske orda og uttrykka:

– Dei minste ungane skjønar ikkje engelsken, og fattar ikkje poenget når reinsdyret snakkar om «Purple Rain». Men det er moro for dei som er større, seier ho.

Eit par gonger tykte ungane at snakkepart­ia blei litt for lange og poengfatti­ge, og det er far einig i, særlig i andre halvdel. Men stort sett skjer det masse, heile tida.

– Noko av det som er så bra, er at du ikkje bare sit og ser eit teaterstyk­ke, men at dei får med seg oss som sit i salen også, seier Sigrid. Det stemmer også. På eit visst tidspunkt var det nesten feststemni­ng i salen, med publikum på beina og full, funky dans.

– Terningkas­t, då?

– Fem, kjem det i kor frå Sigrid og Frøya, mens den mindre rutinerte seksåringe­n lurer på kor langt terningen eigentleg går. Han heller mot ein seksar. Sjølv om han ikkje likte slutten.

– Kva var det du ikkje med slutten?

– At det slutta. At det ikkje var meir.

likte

 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? Sinnasnekk­er Andersen (Cato Skimten Storengen) skulle vore heime og skrelt poteter på julafta, men hamnar midt i oppussinga og dramatikke­n hos Kissa Nissemann, til venstre, Ove Rocketroll og Mr. Caboom.
JON INGEMUNDSE­N Sinnasnekk­er Andersen (Cato Skimten Storengen) skulle vore heime og skrelt poteter på julafta, men hamnar midt i oppussinga og dramatikke­n hos Kissa Nissemann, til venstre, Ove Rocketroll og Mr. Caboom.
 ?? JON INGEMUNDSE­N ?? –	Heia ongane, seier Christian Eriksen frå den magiske julesekken. Meir skal ikkje til. Frå der av er salen med.
JON INGEMUNDSE­N – Heia ongane, seier Christian Eriksen frå den magiske julesekken. Meir skal ikkje til. Frå der av er salen med.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway