Sandnes Ulfs støtte­spe­la­rar må trø til

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Egil Ø. Na­er­land egil.na­er­land@af­ten­bla­det.no

BAK­GRUNN: Noen li­ker ikkje plas­se­rin­ga, and­re spør om be­ho­vet, en­kel­te er mis­un­ne­le­ge. Det er lov, men mis­tru ikkje Sandnes Ulfs for­ar­beid, for­sik­tig­heit og fi­nan­si­el­le fun­da­ment for klub­bens nye fot­ball­are­na.

For nett­opp det at ei lita brik­ke mang­lar, er år­sak til at grave­ma­ski­na­ne ennå står på vent.

Tross ni­tid ar­beid frå 2012 til dags dato: Sandnes Ulf set ikkje i gang før alt er ord­na, klokt nok.

Mye ty­der på at klub­bens sam­ar­beids­part­na­rar må trø til. El­les er hei­le pro­sjek­tet i fare.

Krang­lar om 7,3 mil­lio­nar

Sandnes kom­mu­ne og klub­ben krang­lar om 7,3 mil­lio­nar kro­ner el­ler 4 pro­sent av to­tal­ram­ma på 181 mil­lio­nar kro­ner (førs­te bygge­steg kos­tar 159,1 mill). Det gjeld så­kal­la rekke­fyl­gje­krav som alle ut­byg­ga­rar må kos­ta.

I sam­band med byg­ging av Øs­ter­hus Are­na og ny fleir­bruks­hall i Sandnes Idretts­park, er Sandnes Ulf på­lagd å be­tala 30 mil­lio­nar kro­ner for mel­lom anna å føra inn fjern­var­me, leg­ga om vass­leid­nin­gar, gra­va ny kloakk og byg­ga park.

Klub­ben har len­ge vore inn­for­stått med kra­va, men nå har Sandnes kom­mu­ne av­gjort at kom­mu­nen sjølv skal byg­ga fleir­bruks­hal­len, og må der­for ta sin del av rekke­fyl­gje­kra­va.

Kom­mu­nen tvis­tar ikkje på det, men det kom­mu­na­le Sandnes tomte­sel­skap AS som for­melt eig grun­nen i idretts­par­ken, mei­ner at dei­ra/kom­mu­nens del av 30 mil­lio­nar er 2,7 mil­lio­nar kro­ner.

Sandnes Ulf på si side mei­ner at kom­mu­nen skal ta ein tre­del, 10 mil­lio­nar kro­ner. For leg­folk ver­kar det ri­me­leg, men alt­så ikkje for fag­fol­ka.

Det er grunn til å un­der­stre­ka at Sandnes Ulf tek så godt som hei­le kost­na­den.

Ord­fø­ra­ren fi­rer ikkje

Sa­ka kjem til po­li­tisk hand­sa­ming i for­mann­ska­pet ko­man­de mån­dag. Af­ten­bla­det tok opp ut­ford­rin­ga­ne i fjor haust, og Sandnes­pos­ten har skri­ve flei­re ar­tik­lar som pro­ble­ma­tik­ken. Ord­fø­rar St­an­ley Wi­rak, Ap, er heilt klar på at klub­ben må ta kost­na­den.

– To gon­ger har Sandnes tomte­sel­skap brukt nøy­tra­le fag­folk for å fast­se­tja kom­mu­nen sin del, 2,7 mil­lio­nar kro­ner. Det po­li­tis­ke fleir­ta­let kjem ikkje til å gje­ra om på det, fast­slår Wi­rak over­for un­der­teik­na.

Ord­fø­ra­ren pei­kar på at kom­mu­nen nyt­tar nøy­tra­le fag­folk for ikkje å ver­ta te­ken for ulov­leg stats­støt­te.

Wi­rak mei­ner kom­mu­nen har strekt seg langt, han vi­ser mel­lom anna til at det er lagt til ret­te for tomt i idretts­par­ken, og at kom­mu­nen be­ta­lar inn 40 mil­lio­nar kro­ner til lei­ge av an­leg­get i 40 år.

Vil drop­pe ren­te

Dess­utan trur han at det skal ve­ra mog­leg å fin­na ei løy­sing der Sandnes Ulf kan få eit na­er rente­fritt lån på 24 til 29 mil­lio­nar kro­ner. Ad­mi­ni­stra­sjo­nen i kom­mu­nen mei­ner lå­net skal be­ta­last til­ba­ke etter mark­nads­ren­te.

For Sandnes Ulf vil rente­fri med­føra spart, år­leg kost­nad mel­lom 600.000 og 900.000 kro­ner.

Det er grunn til å un­der­stre­ka nok ein gong at Sandnes Ulf tek så godt som hei­le kost­na­den ved ut­byg­ging sjølv.

Det po­li­tis­ke fleir­ta­let, Ap, Frp og Sp, har gått i bre­sjen for å gje klub­ben sjan­sen, men Sandnes Ulf, dei­ra sam­ar­beids­part­na­rar og sal av lo­ka­le i sta­dion­krop­pen, står for mest hei­le kost­na­den ved førs­te bygge­steg.

Spele­mid­del 11,9 mill. Ei­gen­ka­pi­tal gå­ver 10,5 mill. Ei­gen­ka­pi­tal spon­sor 29,85 mill. Ei­gen­ka­pi­tal sal are­al 26,91 mill. Kom­mu­nal for­skots­lei­ge 40 mill. Lån 30 mill. Re­fun­dert rekke­fyl­gje­krav - om­stridd 10 mill.* Sum 159,16 mill. Sandnes Ulf, støtte­spe­la­ra­ne og en­tre­pre­nø­ra­ne trud­de på bygge­start før nytt­år. Pri­sa­ne er gitt, det spørs kor len­ge dei kan stå.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.