– Gult er meir barne­sku­le

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE - Birgitte Flo­te birgitte.flo­te@af­ten­bla­det.no

STAV­AN­GER: Nylund sko­le skal bli grå, slik den var fram til 70-ta­let. Gult pas­sar be­tre til ein barne­sku­le, mei­ner ele­va­ne som har sett i gang un­der­skrifts­kam­pan­je.

– Når eg ten­ker på Nylund, så ten­ker eg på gult. Det er fint å kome til ein gul sku­le, ein blir gla­da­re av det. Grått er så kei­samt, sei­er Liv Tjel­ta Thors­haug (11).

– Gult pas­sar be­tre til ein barne­sku­le. Eg blir meir mo­ti­vert av å kome til ein gul sku­le, Mil­le Eia Rich­ter (10, snart 11).

– Så er det jo eit stort bygg, ein kan sjå det heilt frå Dal­snu­ten. Si­dan det vi­ser så godt, har far­gen ein del å seie, sei­er He­le­ne Gab­ri­el­le Van Bla­ri­cum (11).

Sjette­klas­sin­ga­ne ved Nylund sko­le i Stav­an­ger har star­ta un­der­skrifts­kam­pan­je for å stop­pe den plan­lag­de ma­lin­ga av sku­len. In­nan 2019 skal nem­leg det ly­se­gule byg­get vere heilt grått.

I kø for å skri­ve un­der

– Vi star­ta å sam­le un­der­skrif­ter på mån­dag. I fri­mi­nut­ta stod folk i kø for å skri­ve un­der. Tys­dag og ons­dag gjor­de vi det same, tors­dag var det in­gen flei­re å spør­je, sei­re Eia Rich­ter.

– Nes­ten al­le i fem­te, sjet­te og sju­an­de trinn har skri­ve un­der på at dei fram­leis vil ha gul sku­le. Til sa­man har vi sam­la hund­re un­der­skrif­ter, også frå no­kre laera­rar, sei­er Tjel­ta Thors­haug.

Ad­mi­ni­stra­sjo­nen i Stav­an­ger kom­mu­ne frem­jar ei sak om pro­sjek­tet på mø­tet i kom­mu­nal­sty­re for mil­jø og ut­byg­ging 20. no­vem­ber. Då skal po­li­ti­ka­ra­ne be­hand­le and­re fase i res­tau­re­rin­ga. Den gule byg­nin­ga som ly­ser opp skule­går­den, har alle­reie fått éin grå vegg, og stil­las er sett opp ved vegg num­mer to. Jen­te­ne fryk­tar di­for dei er for seint ute, men dei viss­te ikkje om pla­na­ne før no.

Til­ba­ke til ori­gi­na­len

– Vi vil helst ikkje end­re pla­nen, men eg vil hel­ler ikkje av­feie at det kan vere mog­leg. Eg sy­nest i ut­gangs­punk­tet at det er vel­dig kjekt at ele­var en­ga­sje­re seg og vi­ser at dei er gla­de i sku­len sin, sei­er Brit­ta Gold­berg, pro­sjekt­lei­ar i Stav­an­ger Ei­en­dom.

Farge­va­let heng sa­man med at sku­len fak­tisk var grå ein gong. By­an­tik­var Hanne Winds­holt sei­er dei har sett på gam­le fo­to­gra­fi for å fin­ne til­ba­ke til byg­gets opp­rin­ne­le­ge ut­trykk. Sku­len var grå i al­le fall til langt ut­på 70-ta­let.

– Sli­ke bygg had­de gjer­ne grå mur­far­ge, men så be­gyn­te ein å male for­di vatn trek­te inn i mu­ren. Man­ge hus fekk di­for ny far­ge. Vi var sam­de om at grå kan bli in­ter­es­sant, både for­di det er fint og på grunn av det his­to­ris­ke, men det­te er ikkje eit gifte­mål og det kan fint hen­de vi går til­ba­ke til gult etter ei pe­rio­de. Vi vur­der­te både gule og grå far­gar, sei­er Winds­holt.

Sku­len har blitt malt mon­ge gon­gar og med feil type ma­ling, slik at over­fla­ta har blitt heilt tett. No skal ma­lin­ga pus­sast vekk, så vil det bli brukt ei mi­ne­ralsk kalk­ma­ling som skal sik­re at det ikkje blir fukt­pro­blem.

– Gjer vi ikkje det­te no, sam­lar det seg fort fukt i mur­ver­ket og vi ri­si­ker my­kje stør­re ska­der på sikt. Vi må ta det med ein gong, sei­er Gold­berg.

I til­legg skal al­le vin­dau­ga på sku­len skif­tast ut.

– Dei har fått ein del råte­ska­der, og vi ser at dei fles­te er i så dår­leg til­stand at det ikkje er vits i å re­pa­re­re dei. Dei nye vin­dau­ga har my­kje be­tre iso­la­sjon. Det vil hjel­pe enormt på inne­kli­ma, sei­er ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.