Mat­teus 14,22-34

Stavanger Aftenblad - - FORSIDE -

y Straks etter fekk Je­sus la­eresvei­na­ne til å gå i bå­ten og fara føre over til and­re sida, me­d­an han tok far­vel med fol­ket. Då han had­de gjort det, gjekk han opp i fjel­let for å vera for seg sjølv og be. y Då det leid til kvelds, var han der ålei­ne. Bå­ten var alt langt frå land og strid­de hardt i bøl­gje­ne, for vin­den bar imot. Men i den fjer­de natte­vak­ta kom han gå­an­de mot dei på sjø­en. Og då la­eresvei­na­ne såg han gå på vat­net, vart dei grip­ne av reds­le. «Det er eit gjen­ferd!» sa dei og var så red­de at dei skreik. Men i det same tala Je­sus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje red­de!» y Då sa Pe­ter til han: «Her­re, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vat­net.» «Kom!» sa Je­sus. Pe­ter steig ut av bå­ten og gjekk på vat­net bort til Je­sus. y Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søk­ka, og ropa: «Her­re, berg meg!» Med det same ret­te Je­sus ut han­da og greip han og sa: «Du lite tru­an­de – kvi­for tvi­la du?» Så steig dei opp i bå­ten, og vin­den stil­na. Men dei som var i bå­ten, til­bad han og sa: «Du er san­ne­leg Guds Son!»

y

y

y

y

y

y

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.