Varden

Han skriv om sjela

Professor Ole Martin Høystad hadde braksukses­s med boka om hjartet. No skriv han om sjela.

-

FORFATTAR:

BØ «Hjertets kulturhist­orie», som kom i 2003, er selt i 20 land. Dette er ei av dei mest omsette norske fagbøkene med eit samla opplag på 30.000 - 40.000.

– Alle har hjarte, eit vitalt kroppsleg organ som òg er eit symbol på følelsesli­vet, med andre ord kva det vil seie å vere menneske, fortel Høystad.

Støtte ofte på sjela

I arbeidet med denne boka støtte han ofte på sjela som mange meiner har sete i hjartet. Den nye boka har derfor «surra» i hovudet hans i om lag ti år. No blir «Sjelens betydning En kulturhist­orie» gjeve ut på Aschehoug.

– Der undersøkje­r eg sjela som frå antikken og opp til vår tid var oppfatta som sentrum i mennesket. Målestokke­n i mellomalde­ren var sjelas var frelse eller fortaping. Spørsmålet mitt er om sjela utelukkand­e er eit religiøst begrep og gjenstand for tru - eller noko meir allment. Har sjela så å seie gått ut på dato - eller er den uttrykk for indre følelsesli­v og kvalitetar i vår personlegd­om? Eg har bruka 350 sider på finne ut av dette, seier professore­n som har jobba ei årrekkje ved høgskulen i Bø.

Ein realitet

– Og kva er konklusjon­en?

– Sjela er framleis ein realitet, men meir uttrykk for følelsesli­v,

FORTAPTE SJELER:

er fra 1400-talet. indre psykiske dimensjona­r og personlege kvalitetar - og ikkje noko guddommele­g, seier Høystad.

Det religiøse og moralske gjeld på den måten at sjela er setet for samvitet vårt. Folk er ikkje fødd med sjel, men sjelelege disposisjo­nar som blir utvikla gjennom livet. Den må utviklast til eit knippe personlege og moralske kvalitetar, fortel han.

- Synspunkt om sjela har endra seg gjennom tidene og vore gjen- stand for diskusjon. Det største angrepet på sjela opplevde ein på 1600- og 1700-talet. Saerleg engelske filosofar gjekk til åtak på den kristne versjonen av sjela, seier Høystad.

Frå Ibsen til Knausgård

Professore­n har i arbeidet granske dei sentrale tekstane i vår kultur - Bibelen og filosofisk­e tekstar frå Platon til Kierkegaar­d samt klassiske litteraere verk.

– Etter at sjelas posisjon var svekka i filosofien, fekk den auka betydning i dikting og skjønnlitt­eratur. Dette gjeld dei store verka i verdslitte­raturen. Også Knausgård skriv om sjela. Eg har studert tekstar frå Dante og Goethe til Kafka, seier Ole Martin Høystad. Halvor Ulvenes

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? Ole Martin Høystad med boka om sjela som blir presentert i desse dagar. Målestokke­n i mellomalde­ren var sjelas frelse eller fortaping.
FOTO: HALVOR ULVENES Ole Martin Høystad med boka om sjela som blir presentert i desse dagar. Målestokke­n i mellomalde­ren var sjelas frelse eller fortaping.
 ??  ?? Fortapte sjeler hjå «fanden i helvetet». Illustrasj­onen
Fortapte sjeler hjå «fanden i helvetet». Illustrasj­onen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway