Varden

Bjervamoen har oppdrag i fleng

-

Det er også lysglimt i Nome-industrien. Bjervamoen trevarefab­rikk i Lunde sentrum, som sysselsett­er åtte personar, går så det susar.

– Omsetnaden i fjor auka med 30 prosent. I år ser det ut til å bli ein vekst på 20 prosent og ein samla omsetnad på naer seks millonar kroner, seier dagleg leiar Hans Olav Bastiansen.

Bervamoen trevarfabr­ikk, som produserer alle slags vindauge på bestilling, auka salet i fjor med 30 prosent. Dette året ligg det an til ein vekst på 20 prosent og ein samla omsetnad på naer seks millionar kroner.

– Dei mange bestilling­ane skaper vanskar for oss. Me må kjøre overtid kvar einaste dag og likevel er det problemati­sk å tilfredsst­ille alle kundane, seier dagleg leiar Hans Olav Bastiansen.

Bedrifta, som vart etablert allereie i 1929 av Hans Grinderud og Olav Bastiansen, har åtte tilsette. Dei produserer i all hovudsak vindauge, som leverast til kunder Midt-Telemark, Grenland og Oslo. Omlag 60 prosent går til firma og snikkarlag og resten til private.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway