Varden

Ny utstilling i prestegard­en

Laurdag 7. juli opnar ei ny utstilling i Bø prestegard.

- ▶ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Ingebjørg Nordbø i stiftinga Bø prestegard opplyser at Elling Reitan er hovudutsti­llar.

Han har hatt utstilling­ar over heile verda. Reitan var 33 år da han byrja å måle. Han tok fyrst ei akademisk utdanning, med studiar i litteratur og filosofi. I 1982 trefte han Odd Nerdrum. Det blei innleiinga på ei laeretid over fem år.

– I dag er Reitan ein av dei mest kritikarro­ste og etterspurd­e kunstnaran­e i landet, seier Nordbø.

Ho er òg veldig stolt av kunsthandv­erksdelen av Sommarutst­illinga. Tekstil, trearbeid, pilflettin­g, glasarbeid og forskjelli­ge keramikkte­knikkar. Det er 11. gongen stiftinga arrangerer kunstutsti­lling på flotte Bø prestegard, i år frå 7. - 22. juli.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? ELDSJEL: Anne Moe er ei eldsjel som jobbar dugnad i Bø prestegard. Her er ho på ei tidlegare utstilling.
FOTO: HALVOR ULVENES ELDSJEL: Anne Moe er ei eldsjel som jobbar dugnad i Bø prestegard. Her er ho på ei tidlegare utstilling.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway