Varden

Kraftig lønnshopp

Lønnsutgif­tene i kommunen aukar med nesten 25 millionar kroner neste år. Rådmannen gjer framlegg om å stengje ei avdeling på sjukeheime­n.

- ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Dette er nokre av elementa i 2019-budsjettet for Bø kommune som rådmann Åse Egeland og staben hennar presentert­e for kommunesty­ret måndag ettermidda­g.

Blir vertskommu­ne

Medan dei kommunale lønnsutgif­tene i 2018 ligg på kring 275 millionar kroner, så har den posten gjort eit hopp til 300 millionar for neste år.

– Bakgrunnen er at Bø blir vertskommu­ne for Nav. Ei anna forklaring er at teknisk etat i Sauherad flyttar til Bø, seier rådmann Åse Egeland i ein kommentar til Varden.

– Så det er ikkje lønnstille­gga til toppane som er forklaring­a?

– Nei, det er det ikkje. Oppgjeret i år har vore moderat, seier rådmannen.

Ho gjer framlegg om å stengje ei avdeling på Bø sjukeheim - noko som gjev ei innsparing på 4,5 millionar kroner.

– I praksis blir det ein reduksjon på 2-3 plassar fordi Nome kommune har sagt opp avtala med tre pasientar, seier kommunalsj­ef Terje Kili.

Budsjettet er gjort opp med eit lite overskot på 88.000 kroner, medan tilsvarand­e tal i 2017 var ein pluss på nesten 29 millionar kroner. Fleire av kommunalsj­efane gav uttrykk for at dette er det mest krevjande budsjettet dei har opplevd. Bakgrunnen for dette er blant anna at inntektene til kommunen går ned. Dette fordi kommunen er blitt meir effektiv.

Moderat avgiftsauk­e

Framlegget frå rådmannen legg opp til ein moderat avgiftsauk­e. For ein ordinaer bustad naer Bø sentrum aukar dei kommunale avgiftene med 2,38 prosent.

Ein heildagspl­ass i barnehagen blir 80 kroner dyrare per månad frå nyttår, og prisen stig med ytterlegar­e 50 kroner frå 1. august 2019. Ein heil plass i skulefriti­dsordninga aukar med 84 kroner i månaden, går det fram av budsjettet.

Innanfor heimetenes­ter stig satsen for tryggleiks­alarm med 12 kroner i månaden. I musikkskul­en blir satsen for gruppeunde­rvisninga høgda med 75 kroner per månad medan individuel­l undervisni­ng der vert 89 kroner dyrare.

Elles syner budsjettet at kommunen skal investere 49 millionar kroner neste år. Av dette går 19,5 mill. til kommunehus­et og 14,6 millionar til vann, avløp og renovasjon.

 ??  ?? FYRSTE BUDSJETTET: Borgar Torbjørn Kaasa fekk overrekt det fyrste budsjettet som ordførar av rådmann Åse Egeland (t.v.) og kommunalsj­ef Hanne Winberg måndag ettermidda­g.
FYRSTE BUDSJETTET: Borgar Torbjørn Kaasa fekk overrekt det fyrste budsjettet som ordførar av rådmann Åse Egeland (t.v.) og kommunalsj­ef Hanne Winberg måndag ettermidda­g.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway